Statuttar for Anders Klaussen og Alffrida Egges Minnelegat

Vedteke av:  ​​​Anders Klaussen og Alffrida Egges Minnelegat på konstituerande møte

Dato: 10. juli 1998

Sak:

(Statuttane er fastsette på bokmål og omskrivne til nynorsk av Jan Kåre Fure i ettertid.)

§ 1

Legatet sitt namn er Anders Klaussen og Allfrida Egges Minnelegat til fremme av folkemusikken i Gloppen kommune. Legatet er organisert som ei privat stifting i samsvar med kap. 4 i lov om stiftingar.

§ 2

Legatet sitt formål er gjennom disponering av midlane til stiftinga å støtte ulike tiltak som er med på å fremme og stimulere folkemusikkinteressa, med særleg vekt på fele- og hardingfelemusikken i Gloppen kommune.

§ 3

Grunnkapitalen til legatet er 200.000 kroner. Grunnkapitalen skal i størst mogleg grad vere urørleg, likevel slik at styret i særlege tilfelle kan vedta at utdeling av midlar kan skje frå grunnkapitalen.

§ 4

Kulturutvalet* i Gloppen kommune er styre for legatet. Styret kan delegere mynde til eit særskilt oppnemnt organ.

* No: Samfunnsutvalet.

§ 5

Rådmannen/kommunekassereren* i Gloppen er forretningsførar for legatet og kommunerevisjonen i Nordfjord er legatet sin revisor.

* No: Kommunedirektøren/økonomisjefen.

§ 6

Legatet sine midlar skal forvaltast på ein trygg måte som gjev ei sikker og så god avkastning som råd.

§ 7

Minst 1/5 av den årlege avkastninga skal leggast til grunnkapitalen. Styret avgjer kor mykje som kvart år skal stillast til rådvelde for ulike tiltak.

§ 8

Mottakarar av midlar frå legatet skal sende rapport til styret om bruken av midlane.

§ 9

Endringar vedtektene kan berre gjerast etter samtykke fra Kjersti Egge Kroepelien eller etterkomarane hennar. Dersom slike etterkomarar ikke finnst, skal det innhentast samtykke frå etterkomarane etter Solveig Egge Stotijns si søster, Gunnvor Egge-Grønneberg, eller dersom slike etterkomarar ikkje finnst, representantar for slekta Egge som er busette i Gloppen kommune.