Retningslinjer for bruk av kommunevåpen og -flagg

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 6. april 1987

Sak:

§ 1 Definisjon

Gloppen kommune sitt våpen fastsett ved Kongeleg resolusjon den 17. desember 1986 er: På blå grunn ein gåande sølvhest. Fargeref: Blå Winsor & Newton nr 065.

Kommuneflagget er
- På blå grunn ein gåande kvit hest. Fargeref: Blå Winsor & Newton nr 065.
- Rektangulær form, 250 x 180 cm.
- Til dekorativ bruk kan våpenet utformast som vimpel eller hengande banner.

Våpenet omfattar alle heraldiske former.

§ 2 Generelle reglar om bruk

Som hovudregel kan våpenet brukast berre av administrasjonen og institusjonar under utøving av kommunal mynde og til dekorasjon.

Bruk av våpenet på suvenirar for sal, er ikkje tillete utan særskilt løyve.

Våpenet må ikkje brukast slik at det kan oppfattast som privat kjenneteikn. Private kjenneteikn må heller ikkje samanstillast med våpenet.

§ 3 Bruk av kommunevåpen

Kommunevåpenet skal brukast med fargane sine med mindre særskilt løyve ligg føre.

Kommunevåpenet kan brukast som eigarmerke på bygningar, bilar og andre gjenstandar. Kommunevåpenet i fargar kan etter nærare vedtak brukast til jakkemerke o l.

§ 4 Bruk av kommuneflagg

Flagget kan heisast når kommunestyret har møte og elles etter nærare vedtak.

§ 5 Bruk av våpenet i faner, vimplar m m

Våpenet kan lagast som bordflagg, tverrskåre eller i vimpelform, til bruk som dekorasjon ved kommunale tilstelningar.

Flagget kan utformast til dekorativt bruk som hengande banner etter nærare vedtak.

§ 6 Bruk av våpen i stempel og segl

Våpenet kan brukast utan skjoldinnfatning, med namnet til etaten eller institusjonen i ein innskriftsring langs kanten.

Segl kan framstillast som oblatsegl til bruk på dokument, til lukking av konvoluttar o l.

§ 7 Utforming og utføring av våpenet

Våpenet kan gjengjevast i ulike typar teknikkar og materialer, t d plastisk i flatestil, måla, teikna, veve, brodert eller gravert.

All utforming av våpenet må følgje dei tekniske og heraldiske kvalitetsnormer med rette fargar, former, proporsjonar.

§ 8 Praktisering av retningslinjene

Kulturutvalet avgjer bruk av kommunen sitt våpen etter §§ 2, 3, 5, 6 og 7 og bestemmer bruk av motivet i våpenet.

Ordføraren avgjer bruk av kommuneflagget etter § 4.