Føremål
§ 1-1 Formålet med reglementet
Reglementet skal ivareta kommunelova sine grunnleggjande krav til økonomiforvaltninga, og sørgje for at kommunen forvaltar økonomien slik at den økonomiske handleevna vert ivaretatt over tid.
Gloppen kommune skal utarbeide samordna og realistiske planar for eiga verksemd og økonomi, og for lokalsamfunnet si utvikling, jfr. kommunelova §14-1 andre ledd.
Reglementet dekkjer kommunen si samla økonomiforvaltning, og gjeld til kommunestyret vedtek nytt reglement. Reglementet skal vedtakast minst ein gong i kvar kommunestyre-periode.
Reglementet er utarbeidd i samsvar med kravet i kommunelova § 14-2 bokstav d.
Utgangspunktet for reglementet er rammer og retningslinjer som følger av kommunelova med tilhørende forskrifter:
I tillegg til nevnte sentrale lover og forskrifter kommer også kommunes egne retningslinjer og reglementer. Videre vises det til GKRS – Foreningen for god kommunal regnskapsskikk, som har en sentral rolle i forhold til budsjett- og regnskapsprinsipper.
Kommunestyret kan sjølv velje om ein ynskjer at finans- og gjeldsreglementet skal takast inn i økonomireglementet, eller om dette skal vere eit eige reglement. Gloppen kommune har valt å skilje desse to dokumenta.
Kommunedirektøren vert gitt fullmakt til å gjennomføre endringar i reglementet som er av teknisk og/eller administrativ karakter.
Økonomireglementet gjeld for Gloppen kommune si verksemd og oppgåvefellesskap/ vertskommunesamarbeid som kommunen har ansvaret for.
Omfang/Virkeområde
§ 1-2 Generelle rammer for kommunen si økonomiforvaltning
Gloppen kommune skal forvalte sin økonomi på ein forsvarleg og effektiv måte og skal legge til rette for ei best mogleg utnytting av kommunen sine samla ressursar. Dei folkevalde skal sikrast påliteleg og tilstrekkeleg styringsinformasjon som grunnlag for sine avgjersler.
Gloppen kommune har nulltoleranse for korrupsjon og økonomiske misleghald. Innbyggjarane skal vere trygg på at kommunen ivaretek fellesskapet sitt beste, basert på demokratiske prosessar, rettferdig utøving av lokalt mynde og påliteleg forvaltning av kommunen sine ressursar.
§ 1-3 Kommunestyret sitt overordna ansvar for økonomiforvaltning
Kommunestyret skal som øvste mynde i kommunen syte for å forvalte økonomien slik at den økonomiske handleevna blir ivaretatt over tid, jf. kommunelova § 14-1.
§ 1-4 Overordna prinsipp
- Gloppen kommune skal ha ei berekraftig økonomiforvaltning
- Økonomiforvaltninga skal ha eit langsiktig perspektiv, som grunnlag for stabilitet og føreseielegheit når det gjeld kommunen sitt økonomiske handlingsrom
- God økonomistyring skal sikre kvaliteten i tenestetilbodet
- Grundige analysar og vurderingar skal gi grunnlag for rett prioritering
- Etablerte kontrollrutinar skal redusere risikoen for avvik frå fastsette mål og rammer
- Gjennomgåande internkontroll skal sikre etterleving av lover og forskrifter
- Openheit og refleksjon skal vere med på å skape etisk forsvarlege haldningar og handlingar
Ansvar
Økonomisjef
Aktivitet/skildring
Kapittel 2 – Finansielle måltal
Kommunen skal forvalte økonomien slik at den økonomiske handleevna blir sikra over tid. Frå 2020 er kommunane pålagt å utarbeide finansielle måltal. Det er ikkje gitt bindande reglar for gjennomføring og bruk av finansielle måltal som styringsverktøy.
Følgjande langsiktige finansielle måltall er etablert for Gloppen kommune:
- Korrigert netto driftsresultat* i prosent av bruttodriftsinntekter: 1 %
- Disposisjonsfond i prosent av bruttodriftsinntekter: 10 %
*Korrigert netto driftsresultat er netto driftsresultat korrigert for bruk av og avsetning til bundne driftsfond.
Dei finansielle måltala er viktige då desse skal legge premissane for årsbudsjettet og økonomiplanen. I økonomiplanen skal utviklinga opp mot etablerte måltal synleggjerast. Utvikling og status på disse finansielle måltala skal svarast ut i tertialrapportane, samt i årsrekneskapen og årsmeldinga.
Kapittel 3 - Budsjett og budsjettmynde
§ 3-1 Økonomiplan
Økonomiplanen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for heile Gloppe-samfunnet og kommunen som organisasjon. Økonomiplanen skal vere grunnlaget for kommunen sine prioriteringar av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver, og konkrete tiltak innanfor kommunen sine økonomiske rammer.
Økonomiplanen har eit 4-års perspektiv, og vert rullert årleg med vedtak før årsskifte. Det første året i økonomiplanen er eit bindande årsbudsjett basert på rammebudsjetteringsprinsippet, og er knytt til fastsetting av dei samla økonomiske rammene for kommunen i budsjettåret.
Økonomiplanen utgjer kommuneplanen sin handlingsdel etter plan- og bygningslova § 11-1 fjerde ledd.
Økonomiplan og årsbudsjett skal setjast opp i balanse, og vere realistisk, fullstendig og oversiktleg. All bruk av midlar i årsbudsjettet skal ha dekning i året sitt tilgang på midlar.
Utviklinga i kommunen sin økonomi, gjeldsutvikling og andre vesentlege langsiktige plikter, skal gå fram av økonomiplanen.
Utkast til framdriftsplan for arbeidet med økonomi- og handlingsplan skal leggast fram for formannskapet og deretter kommunestyret i den første politiske møterunda kvart år.
Økonomiplanen er styrande for sektorane når den er vedteken av kommunestyret.
§ 3-2 Kommunestyret sitt budsjettmynde
Kommunestyret vedtek økonomiplan og årsbudsjett, som skal utarbeidast i samsvar med kommunelova §14-4 med tilhøyrande forskrifter, etter innstilling frå Formannskapet.
Økonomiplanen og årsbudsjettet skal delast inn i ein driftsdel og ein investeringsdel. Kommunestyret fordelar løyvingane i årsbudsjettet sin driftsdel på følgjande sektor/budsjettområder:
- Formannskapet
- Oppvekst
- Helse og velferd
- Samfunn og berekraft
- Fellespostar utanom kommunalområda
Kommunestyret sine vedtekne rammeløyvingar for kvar sektor/budsjettområde er ei netto løyving beståande av både inntekter og utgifter. Kommunedirektøren har som følgje av dette, styringsretten innanfor dei budsjettrammene kommunestyret gjev for kvar sektor/budsjettområde. Kommunedirektøren har ikkje fullmakt til å flytte budsjettmidlar mellom sektorar/budsjettområde.
Kommunedirektøren kan omdisponere og foreta budsjettjustering innanfor driftsrammer som kommunestyret har vedtatt, så lenge desse ikkje er vesentlege, prinsipielle eller i strid med dei mål, premissar og prioriteringar som ligg til grunn for kommunestyret sitt vedtak.
Kommunedirektøren har fullmakt til å vidaredelegere avgjerdsmynde i saker som kommunedirektøren i høve dette økonomireglementet har blitt tildelt.
Kommunestyret skal vedta investeringsbudsjettet pr. investeringsprosjekt. Investeringsprosjekt vert budsjettert brutto (inkludert meirverdiavgift). Kommunestyret sit vedtekne investeringsbudsjett er difor å sjå på som ei bruttoløyving, det vil seie ei løyving for brutto kostnad for investeringsåret.
All finansiering/inntekt i investeringsbudsjettet er å sjå på som frie midlar som vert nytta til felles finansiering av alle investeringar. Eventuelle tilskot reservert til særskilte formål i høve til lov, forskrift eller avtale, er å sjå på som delfinansiering av det prosjektet tilskotet gjeld.
§ 3-3 Endringar i vedtatt driftsbudsjett – budsjettjusteringar
Kommunestyret sine bindande løyvingar av rammer til kvar sektor i årsbudsjettet kan berre endrast av kommunestyret sjølv, med dei unntak som kommunestyret sjølv har vedteke.
Budsjettendringar skal som hovudregel, gjerast i samband med tertialrapportering til kommunestyret.
Kommunedirektøren har løyve til å gjere budsjett-tekniske endringar i driftsbudsjettet, samt endringar som ikkje er av prinsipiell karakter. Døme på dette kan vere refusjon sjukelønn, meirverdiavgift (kostnad/inntekt), fordeling pensjonskostnader/inntekt, fordeling av avsett lønspott og liknande.
Ved vesentlege avvik som ikkje skuldast periodisering, skal følgjande skje før rapportering av prognoseendring til formannskapet og kommunestyret:
- Undersøke om det er mogleg/naudsynt å sette i verk tiltak for å unngå avvik
- Undersøke om det er budsjettdekning/behov andre stadar innanfor sektoren til å dekke meir/disponere mindreforbruket, og omdisponer ved å gjere ei budsjettendring innanfor sektoren
- Dersom det er sannsynleg at avviket ikkje let seg løyse ved (1) eller (2), må det rapporterast inn som endring i prognose, og forslag til revidert ramme
Om nye tiltak vert lagt fram for kommunestyret utanom den ordinære budsjetthandsaminga, skal tiltaket vere forsvarleg utgreidd med oversikt over økonomiske konsekvensar og forslag til budsjettdekning. Det skal også gjerast greie for eventuelle økonomiske konsekvensar utover inneverande budsjettår.
Kommunestyret skal endre årsbudsjettet når det er naudsynt for å oppfylle krav om realisme og balanse. Årsbudsjettet kan ikkje endrast etter årsslutt.
§ 3-4 Endringar i vedteke investeringsbudsjett og pågåande prosjekt
Investeringsbudsjettet gjeld for eitt år.
Endringar i investeringsbudsjettet og årsavslutning av investeringsrekneskapen skal følgje regjeringa sine gjeldande retningsliner.
Dersom det i budsjettåret skjer endringar som endrar dei inntekter og utgifter som årsbudsjettet byggjer på, skal kommunestyret vedta nødvendige endringar i budsjettet.
§ 3-5 Disponeringsmynde og tilvisingsmynde
Med disponeringsmynde har ein mynde til å disponere dei løyvingane som er ført opp i kommunen sitt årsbudsjett. Med tilvisingsmynde har ein mynde til å tilvise eit beløp til utbetaling, det vil seie å gå god for at ei løyving som belastar kommunen sitt budsjett, er innanfor den disponible ramma.
Kommunedirektøren har fullmakt i delegeringsreglementet til å disponere og delegere vedtekne rammeløyvingar for kvar sektor i driftsbudsjettet. Dette gjeld så lenge kommunestyret ikkje har vedteke noko anna.
Kommunedirektøren har ut frå delegeringsreglementet tilvisingsmynde for alle formål og alle sektorar.
Kapittel 4 - Økonomirapportering
§ 4-1 Rapportering til kommunestyret
Kommunelova sin § 14-5 slår fast at kommunedirektøren minst to gonger i året skal rapportere til kommunestyret om utviklinga i inntekter og utgifter i høve til budsjettet. Dersom utviklinga viser vesentlege avvik, skal kommunedirektøren gjere framlegg om endringar i årsbudsjettet, jf. kommunelova § 14-5 tredje ledd.
Rapport skal leggast fram etter første og andre tertial, det vil seie etter at april og august månad er avslutta i rekneskapen. Tertialrapporten skal gi ei samla oversikt over den økonomiske statusen, inkludert ei prognose for heile budsjettåret. Rapporten skal innehalde oppstillingar som viser vedtatt budsjett og justert budsjett, samt rekneskapen hittil i året. Det skal rapporterast både på driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet. For større investeringsprosjekt (over 5 mnok) skal det som minimum følje med ei skriftleg vurdering av status på prosjektet saman med tertialrapporten.
I dei tilfelle der det er vesentleg avvik, skal det leggast fram forslag om korrigerande tiltak. Tiltaka skal skildrast med eventuelle konsekvensar dette vil ha for tenestilbodet til innbyggjarane, eventuelt verknader for tilsette og økonomiske konsekvensar for kommunen.
§ 4-2 Rapportering til formannskapet
Kommunedirektøren skal rapportere til formannskapet om gjeldande økonomistatus for drift i kvart ordinære møte der tertialrapporteringa ikkje vert handsama.
§ 4-3 KOSTRA-rapportering
Kommunen sitt rekneskap skal rapporterast til SSB kvart kvartal. Årsrekneskapen skal rapporterast så snart rekneskapen er avlagt og innan fastsett tidsfrist frå sentralt hald.
Kapittel 5 – Reglement for investeringsprosjekt
§ 5-1 Regelverk
Kommunelova med forskrift har ikkje retningsliner for korleis kommunen skal følgje opp investeringsprosjekt. Lova med forskrift har derimot retningsliner knytt til finansiering og brutto/netto rammer.
Oppstillinga av løyvingane skal innehalde bruttobeløp. Dette inneber at det er totalkostnaden av investeringa som skal budsjetterast, og at eventuelle tilskot/overføringar frå andre blir ført som finansiering/inntekt.
§ 5-1 Mynde og rapportering
Det er kommunedirektøren sitt ansvar å leggje fram sak om kommunen sitt investeringsbehov. I hovudsak vil dette skje gjennom arbeidet med årsbudsjettet og økonomiplanen.
Investeringsprosjekt som ikkje er med i årsbudsjettet, må opp som eiga sak via formannskapet til kommunestyret, og innarbeidast i revidert budsjett.
Kommunedirektøren er ansvarleg for forsvarleg planlegging, kartlegging og styring av prosjekt. Når eit prosjekt blir vedteke, er det kommunedirektøren sitt ansvar å gjennomføre prosjektet.
Større investeringsprosjekt (over 5 mnok) skal leggast fram i god tid (dette gjeld både innanfor og utanfor sjølvkostområda), og må innehalde:
Formål:
- Mål
- Beskriving av prosjektet
- Omfanget
- Alternative løysingar
- Kost-/nytteanalyse
- Klima- og miljøaspekt
- Påverknad på finansielle måltal
- Forventa kostnadsramme og korleis dette påverkar driftsrekneskapen
- Finansieringsplan
- Tidsramme for prosjektgjennomføringa
Fullmakter:
- Kven er «eigar» av prosjektet og kva fullmakter er gitt
- Kven er prosjektleiar og kva fullmakt er vedkommande tildelt
- Budsjettfullmakter
- Økonomisk ramme før reservar
- Reservar til avvik, når og kven som har løyve til å nytte denne
- Reservar til endringar, når og kven som har løyve til å setje i verk endringar
- Totalbudsjett
Vedtaksplan:
Det skal gå fram når vedtak skal fattast, og kven som skal gjere dette. Eit eksempel på dette er t.d. når eit prosjekt går frå planleggingsfase til prosjektering.
Dersom prosjektet ikkje blir starta det året det var planlagt, må kommunestyret vedta ei ny løyving.
Etter gjennomføring av større prosjekt (over 5 mnok), skal det utarbeidast ein evalueringsrapport. Denne skal særskilt handsame nyttige lærings-/forbetringspunkt til seinare prosjekt. Kontrollutvalet skal handsame rapporten, og gje ein uttale før saka kjem til handsaming i formannskap og kommunestyret.
Kapittel 6 – Årsavslutning, årsrekneskap og årsmelding
§ 6-1 Årsrekneskap og bokføring
Årsrekneskapen skal utarbeidast i samsvar med forskrift for økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding for kommunar og fylkeskommunar mv., vedtatt av Kommunal og moderniseringsdepartementet 07.06.2019, med seinare endringar.
Årsrekneskapen skal innehalde eit driftsrekneskap og eit investeringsrekneskap. Driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal delast inn og setjast opp på same måte som årsbudsjettet. Det er rekneskapsreglane som avgjer om ei inntekt eller ei utgift skal førast i drifts- eller investeringsrekneskapen.
Årsrekneskapen skal også innehalde eit balanserekneskap med tilhøyrande notar.
Om årsrekneskapen viser eit rekneskapsmessig meirforbruk (underskot), skal kommunedirektøren gjennomføre strykingar i eit så stort omfang som nødvendig. Er det framleis eit meirforbruk, også etter at strykingar er gjennomført, skal meirforbruket dekkast av disposisjonsfondet gjennom direkte overføring, før kommunestyret handsamar årsrekneskapen. Rekneskapen skal ikkje avleggjast før alle strykingsmoglegheiter i høve lov og forskrift er gjennomført, slik at rekneskapsmessig meirforbruk vert så lågt som mogleg.
Om årsrekneskapen viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) skal eventuelt udekka meirforbruk frå tidlegare år dekkast inn, før årsrekneskapen vert lagt fram for kommunestyret.
Kommunedirektøren vert delegert mynde til å prioritere rekkefølge og gjennomføre strykningar etter kapittel 4 i forskrifta.
Årsrekneskapen skal førast i samsvar med god kommunal rekneskapsskikk.
Årsrekneskapen skal avleggjast seinast 22. februar.
Kontrollutvalet skal sjå til at kommunen sitt rekneskap vert revidert på ein forsvarleg måte.
§ 6-2 Årsmelding
Kommunen skal utarbeide årsmelding for kommunen si samla verksemd. Årsmeldinga skal gjere greie for:
- Forhold som er viktige for å vurdere den økonomiske utviklinga og stillinga, og om den økonomiske utviklinga og stillinga ivaretek den økonomiske handleevna over tid
- Vesentlege beløpsmessige avvik mellom årsbudsjettet og årsrekneskapen, og vesentlege avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingar
- Kommunen si måloppnåing og andre ikkje-økonomiske forhold som er av vesentleg verdi for kommunen eller innbyggjarane
- Den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling
- Likestillingstiltak som er eller planlagt sett i verk, for å fremje likestillings- og diskrimineringslova sitt formål om likestilling av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
- Rapport om internkontroll og resultat frå statlege tilsyn, jf. kommunelova kap. 25.
Årsmeldinga skal vere klar seinast 31. mars.
Kontrollutvalet skal kome med uttale om årsmeldinga før kommunestyret handsamar denne.
Kapittel 7 - Avsetjing og bruk av fond
§ 7-1 Disposisjonsfond
Kommune kan setje av midlar til disposisjonsfond for bruk seinare år i samsvar med vedtekne måltal, jf. § 3-1 ovanfor. Det kan berre setjast av til disposisjonsfond i driftsrekneskapen. Disposisjonsfond vert disponert fritt av kommunestyret så lenge ikkje strykingsreglane eller andre reglar om tidlegare års meirforbruk vert gjeldande.
Netto avsetjingar til og bruk av disposisjonsfond skal gå fram av driftsbudsjettet i samsvar med reglane i kommunelova § 5-4 Bevilgningsoversikt - drift.
Om året sitt driftsrekneskap viser eit meirforbruk, også etter at strykingar er gjennomført, skal meirforbruket dekkast av disposisjonsfondet gjennom direkte overføring, før kommunestyret handsamar årsrekneskapen.
Bruk av disposisjonsfond til dekking av investeringar skal førast over driftsrekneskapen som bruk av fond, og deretter som overføring frå drift til investering.
I rekneskapssystemet kan det etablerast fleire fond kommunestyret kan disponere (til dømes for å synleggjere midlar avsett til/bruk frå særskilte kjelder) etter ynskje frå kommunestyret. Kommunestyret sine avsetjingar til slike fond meint brukt til særskilte formål, er ikkje å sjå på som øyremerka midlar, og dei må difor nyttast dersom det blir behov (til dømes ved dekkinga av eit meirforbruk).
§ 7-2 Bundne driftsfond / Øyremerka midlar
Øyremerka midlar kjem til kommunen frå eksterne kjelde i form av tilskot, gåver og liknande, kan ikkje disponerast fritt. Unytta midlar ved årsskifte skal setjast av til bundne driftsfond. Unytta midlar frå sjølvkostområda vert også sett av til bundne fond.
Kommunedirektøren har fullmakt til å setje av og bruke midlar på bundne driftsfond, i tråd med formål og vilkår definert av ekstern kjelde, medrekna statlege øyremerkte tilskot til tiltak. Planlagt netto avsetjing til og bruk av bundne fond, skal gå fram av driftsbudsjettet.
§ 7-3 Ubundne investeringsfond
Kommunen kan setje av frie inntekter i investeringsrekneskapen til ubundne investeringsfond. Det er kommunestyret sjølv som vedtek avsetjingar til og bruk av ubundne investeringsfond. Avsetjing til ubundne investeringsfond skal rekneskapsførast i samsvar med budsjettert avsetjing.
Det følgjer av formuebevaringsprinsippet at ubundne investeringsfond berre skal nyttast til investeringar.
Strykingar ved rekneskapsmessig mindreforbruk i investeringsrekneskapen, er regulert i budsjett- og rekneskapsforskrifta § 4-6. Om investeringsrekneskapen viser eit udisponert beløp ved rekneskapsavslutninga, skal det udisponerte beløpet reduserast så mykje som mogleg ved å:
a) stryke overføring frå drift
b) stryke bruk av lån
c) stryke bruk av ubunde investeringsfond
Om investeringsrekneskapen framleis viser eit udisponert beløp etter strykingane, skal det udisponerte beløpet avsetjast til ubunde investeringsfond.
Kapittel 8 – Regelverk for pris/gebyrfastsetjing
§ 8-1 Pris og gebyrheftet
Kommunal betalingsteneste er gebyr/pris/avgift/eigendel og liknande som vert kravd for ei lovpålagd kommunal teneste. For fleire lovpålagde tenester er det heimla i særlov at kommunestyret sjølv må vedta gebyrregulativet.
Fleire kommunale betalingstenester har sjølvkost som øvre grense for kva som lovleg kan krevjast i gebyr. Andre kommunale betalingstenester er regulert av staten i form av vedtekne maksimal- eller minimumssatsar, eller som påbodne satsar.
Lovregulerte betalingstenester som er innført eller kan innførast, og som kommunestyret sjølv fastset gebyr for, er:
- Avfallsgebyr (lov om vern mot forureining og avfall), lovmessig krav om sjølvkost
- Feiegebyr og avgift for tilsyn med fyringsanlegg (brann- og eksplosjonsvernlova) kan maksimalt dekke sjølvkost, men full kostnadsdekking er ikkje pålagt
- Årsavgift for vatn og kloakk (lov om kommunal vass- og kloakkavgifter) kan maksimalt dekke sjølvkost, men full kostnadsdekking er ikkje pålagt
- Handsamingsgebyr (plan- og bygningslova) kan maksimalt dekke sjølvkost, men full kostnadsdekking er ikkje pålagt
- Avgift ved kart- og delingsforretning (matrikkellova) kan maksimalt dekke sjølvkost, men full kostnadsdekking er ikkje pålagt
- Seksjoneringsgebyr (seksjoneringslova) kan bereknast med sjølvkost, men ikkje pålagt
- Foreldrebetaling for opphald i barnehage (barnehagelova)
- Foreldrebetaling for skulefritidsordning (opplæringslova)
- Elevavgift ved kulturskulen (opplæringslova)
- Purregebyr og straffegebyr for utlån av bøker (folkebiblioteklova)
- Hamneavgift for fartøy som legg til ved kai i kommunen (hamnelova)
- Parkeringsgebyr og tilleggsavgift (vegtrafikklova)
- Handsaming- og forringelsesgebyr for graving på kommunal veg (veglova)
- Fellingsavgift med meir (viltlova)
- Eigenandel for behovsprøvde tenester (helse og omsorgslova)
- Bevilgingsgebyr kommunalt sals- og skjenkeløyve (alkohollova)
Endring i nivået på kommunale betalingsteneste skal vurderast i samband med den årlege handsaminga av årsbudsjettet, og inngå i oversikt over generelle driftsinntekter i driftsbudsjettet.
Kommunedirektøren har fullmakt til å treffe enkeltvedtak i gebyrsaker der det på skjønnsmessig grunnlag kan krevjast lågare gebyr. Forvaltningslova sine reglar om klage gjeld i slike saker.
Formannskapet har fullmakt til å godkjenne justeringar/rettingar i pris- og gebyrheftet.
Kapittel 9 - Reglement for attestasjon og tilvising
Kommunen, ved kommunedirektøren, avgjer kva mynde ei stilling eller funksjon skal ha. Dette blir gjort gjennom kommunen sitt delegeringsreglement.
I hovudtrekk har kommunalsjefar alle fullmakter (dvs. kommunedirektøren sine fullmakter) innan sin sektor i samsvar med den tildelte økonomiske ramma. Det same gjeld for tenesteleiarar (på tenestenivå).
Bestillingsfullmakt er mynde til å gjennomføre innkjøp innanfor gjeldande økonomiske rammer og reglar om innkjøp. Innkjøpsreglane følgjer eige innkjøpsreglement.
Attestasjon er mynde til å godkjenne og kontrollere at eit innkjøp kan belastast budsjett i samsvar med underliggande prosedyrar.
Alle utgifter skal minimum godkjennast av to personar. Om ein transaksjon går utanfor det ordinære fakturabehandlingssystemet (leigeavtalar, tilskot, e.l.), skal utbetalingsoppmoding både attesterast og tilvisast på godkjent måte.
Det er berre tilsette ved økonomiavdelinga som har tilgang til kommunen sine banktenester. Tilvisarar eller attestantar skal ikkje ha slik tilgang.
§ 9-1 Attestantar
Attestantar skal kontrollere at:
- Leveransen er i samsvar med bestillinga
- Varemottak eller utført teneste er i samsvar med faktura og bestilling
- Pris og betalingsføresetnader er i samsvar med avtale
- Kontrollere at korrekt mva-kode er nytta
- Nytte korrekt art og teneste i samsvar med gjeldande KOSTRA-reglement
§ 9-2 Tilvisar
Tilvisar skal kontrollere at:
- Disponering av budsjettmidlane er formelt, reelt og økonomisk korrekt
- Attestasjon og kontroll er utført av person som kan svare for attestanten sine krav
- Det er budsjettdekning for kostnaden
- Oversikt over bindingar på budsjettmidlar ut driftsåret
Det er viktig at både attestant og tilvisar ikkje godkjenner bilag basert på tillit, men faktisk gjennomfører dei kontrollane som er pålagt. Nesten alle tilfelle av underslag i det offentlege som er oppdaga i Noreg, har vore moglege å gjennomføre fordi desse to kontrollfunksjonane ikkje vart utført i samsvar med økonomireglementet.
§ 9-3 Regelverk
Mynde til å disponere løyvingane som er ført opp i årsbudsjettet (løyvingsfullmakt), ligg som utgangspunkt til kommunedirektøren i samsvar med kommunelova § 14-5.1. Dette følgjer av kommunedirektøren si iverksettingsplikt i kommunelova § 13-1.4.
§ 9-4 Mynde til å tilvise
Kommunedirektøren har delegert tilvisingsmynde. Vidaredelegering av tilvisingsmynde går fram av kommunen sitt delegeringsreglement. Delegering av tilvisingsmynde under tenesteleiarnivå, skal alltid godkjennast av kommunedirektøren.
Tilvisingsmynde gjeld ikkje tilvising av eigne rekningar der krav til habilitet slår inn.
Dersom delegert tilvisingsmynde ikkje tilfredsstiller dei krava som er stilt til god internkontroll, skal dette rapporterast til næraste leiar.
Kapittel 10 – Reglement for utlån
§ 10-1 Utlån
Med utlån meiner ein utlån av eigne midlar og utlån finansiert med lån, såkalla vidareutlån.
Sosiale utlån i samsvar med sosialtenestelova og utlån til næringsformål, skal førast i driftsrekneskapen dersom låna blir finansiert med driftsinntekter. Sosiale utlån reknast som utgifter til drift. Tilsvarande skal mottatte avdrag som er ført i driftsrekneskapen, reknast som løpande inntekter.
Bestemminga om sosiale utlån og næringsutlån er eit unntak frå den generelle regelen om at utlån og mottekne avdrag skal førast i investeringsrekneskapen.
§ 10-2 Regelverk for utlån
Forskrift om økonomiplan, årsbudsjett , årsrekneskap og årsberetning for kommunar og fylkeskommunar mv. §2-7 regulerer kva utlån som skal bokførast i driftsrekneskapen. Alle andre utlån skal førast i investeringsrekneskapen.
Mottekne avdrag på vidareutlån kan berre finansiere avdrag på innlån eller nye vidareutlån, jamfør kommunelova § 14-17.2.
§ 10-3 Mynde til å gje utlån
Kommunedirektøren har delegert mynde til å gje utlån innanfor dei rammer som er vedteken av kommunestyret.
Kommunedirektøren har delegert mynde til å sjølv å avgjere om mottatte avdrag på vidareutlån skal nyttast til å finansiere avdrag på lån eller nye vidareutlån.
Kommunedirektøren har delegert mynde til å stille simpel kausjon for kommunal garanti knytt til depositum for naudsynt leige av bustad. I dei tilfelle garantien blir gjort gjeldande, vil depositumet bli kravd frå leigetakar.
Kapittel 11 – Reglement for tapsføring
Under føresetnad av at inkasso er prøvd, skal krav – uavhengig av beløpsstorleiken, vurderast som tapt, og tapsførast når:
- Konkurs-/dødsbuhandsaming er avslutta
- Akkord er stadfesta
- Kravet er forelda
- Utleggsforretning ikkje har ført fram
- Tapt rettsavgjersle/rettskraftig dom
- Gjeld vert ettergjeve (utanomrettsleg gjeldsordning eller gjeldsordningslova)
For krav som ikkje blir handsama som inkassosak, men der det er sannsynleg at inkasso vil gje negativt resultat, kan beløp på inntil kr 25 000,- per debitor, førast som konstatert tap.
Rekneskapsføring av konstaterte tap inneber ikkje utan vidare at vidare innkrevjing av kravet blir avslutta. Den vidare innkrevjinga er avhengig av tvangsgrunnlaget, og om det er kostnadseffektivt å halde fram med innkrevjingsprosessen.
Legalpant følgjer gjeldande retningsliner, og skal krevjast inn.
Kommunedirektøren, ved økonomisjefen, kan inngå avtalar om betalingsutsetting og betalingsvilkår. Dersom avtala ikkje vert halden, blir inkassoprosedyren sett i verk.
For andre føremål følgjer kommunen gjeldande lovverk og GKRS standard.
Tap på startlån følgjer gjeldande reglar, sjå husbanken.no.
Kapittel 12 - Internkontroll
§ 12-1 Internkontroll, kommunedirektøren sitt overordna ansvar
Kommunen skal føre internkontroll med administrasjonen si verksemd for å sikre at lover og forskrifter vert følgt. Kommunedirektøren har det overordna ansvaret for internkontroll med heile kommunen, jf. kommunelova § 25-1. Kommunedirektøren sin overordna internkontroll skal vere gjennomgripande, og gå på tvers av alle tenesteområde.
Vedtekne reglement og retningsliner skal inngå i kommunedirektøren sin overordna internkontroll.
Kommunedirektøren kan gjennomføre kontrollaktivitetar på utvalde område ut i frå risiko og analyser eller ved særskilte hendingar.
Internkontroll er eit viktig element ved leiing og styring, og skal sikre:
- Målretta og effektiv drift
- Påliteleg styringsinformasjon
- Forsvarleg formueforvaltning
- Etterleving av lover og forskrift
- Innbyggjarane sine rettar og likebehandling
- Kontinuerleg forbetring
- Førebygging, oppdaging og handtering av avvik
- Førebygging, oppdaging og handtering av korrupsjon og misleghald
Internkontrollen skal vere risikobasert og målretta. Sektorleiar er, gjennom kommunedirektøren si delegering, ansvarleg for internkontroll for eigen sektor. Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa sektoren sin storleik, eigenart, aktivitet og risiko.
Ansvaret for internkontroll skal nedfellast skriftleg i delegeringsfullmakter.
§ 12-2 Internkontroll, rapportering
Kommunedirektøren skal rapportere til kommunestyret om internkontroll og om resultat frå statlege tilsyn minst ein gong i året, jf. kommunelova § 25-2. 14 . Dette vert gjort gjennom årsmeldinga, jf. § 6-2 Årsmelding.
Kapittel 13 - Eigarskapsstyring – jf. kommunelova § 26
Kommunedirektøren skal i løpet av valperioden leggje fram eigarskapsmelding til formannskapet og kommunestyret. Eigarskapsmeldinga skal minimum innehalde:
a) Eigarskapspolitikk og eigarskapsstrategi
b) Omfanget av kommunalt eigarskap
c) Omtale av kvart selskap kommunen har eigarskap i
Kapittel 14 - Etikk og anti-korrupsjon
§ 14-1 Førebygging av korrupsjon og økonomiske misleghald
Haldningar og handlingar som inneber maktmisbruk, vennetenester, misleghald, kameraderi eller korrupsjon, er øydeleggjande for kommunen sitt omdømme og innbyggjarane si tillit. Gloppen kommune har nulltolleranse for korrupsjon og økonomiske misleghald.
Førebyggjande arbeid mot korrupsjon og misleghald involverer både folkevalde, leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde.
Arbeidet med å sikre høg etisk standard krev kontinuerleg merksemd. Førebyggjande arbeid mot korrupsjons- og misleghald må skje på tvers av og innan sektorar og fagområde. Etikk skal vere eit årleg tema i den utvida leiargruppa i kommunen.
Rutinar innretta mot å førebygge, oppdage og handtere korrupsjon og misleghald skal følgjast i samband med innkjøpsprosessar, økonomiske transaksjonar, sakshandsaming og avgjerdsprosessar.
Lov om offentleg anskaffingar med tilhøyrande forskrift skal følgjast for alle innkjøp. Det vert vist til Gloppen kommune sitt innkjøpsreglement.
Forvaltningslova sine habilitetsreglar og kommunen sine etiske retningslinjer skal følgjast.
Kapittel 15 - Ikraftsetjing
Økonomireglementet trer i kraft straks det er vedteke av kommunestyret.