Namnet på planforumet vart endra frå "Kommunalt planforum" til "Rådmannen sitt planforum" den 26. juli 2019, og vidare til "Kommunedirektøren sitt planforum" den 23. mars 2020.
I: Samansetting
Kommunedirektøren sitt planforum er sett sett saman av
- Eirin Victoria Myklebust (Tenesteleiar plan, byggesak og oppmåling), leiar
- Birte Kjørvik Fossheim (kultursjef), sekretær
- Åslaug Haugset (Folkehelserådgjevar i plan og utgreiing) sekretær
- Bjørn Aurlien (Avd.ing i plan, byggesak og oppmåling)
- Kjell Petter Solhaug (Tenesteleiar kommunal teknikk
- Trine Alme (Landbrukssjef)
- Knut Roger Nesdal (Næringssjef)
- Anders Skipenes (Kommunaldirektør)
- Torbjørn Brandsæter (kommunalsjef Samfunn og Berekraft)
- Gunhild Gimmestad (kommunalsjef Helse og Velferd)
- Per Arne Strand (kommunalsjef for Oppvekst)
- Geir Liavåg Strand (Organisasjonssjef)
II: Mandat
- Skal ha fokus på heilskap i overordna og sektorovergripande planarbeid
- Har ansvar for å praktisk planlegge og sette i gang gode planprosessar, og vere ei ressursgruppe for kommunedirektøren, sektorleiarar og politikarar i dette arbeidet
- Sørgje for framdrift i arbeidet med å følgje opp vedteken planstrategi, og ha oversikt over vedtekne kommunale planar og tid for rullering
- Legge til rette for god medverknad frå innbyggarar, lag og organisasjonar, ulike brukargrupper og næringsliv
- Sørgje for at det vert teke tilstrekkeleg omsyn til helse, miljø og trivsel i overordna planlegging
- Informasjon – skal i samarbeid med ansvarleg for kommunen si nettside halde innbyggarane orienterte om planprosessane, og korleis dei kan medverke i arbeidet
- Skal ha oversikt over og foreslå plansamarbeid med andre kommunar der det er tenleg.
III Forankring
- Kommunedirektøren si leiargruppe er faste medlemmar i kommunedirektøren sitt planforum.
- Møte i planforum er lagt til starten av kommunedirektøren sitt leiarmøte minst ein gong i månaden, der overordna plan- og utviklingsarbeid står på agendaen.
- Det skal etablerast eigne arbeidsgrupper med ansvar for den einskilde planprosess og planutarbeiding. Arbeidsgruppene rapporterer til kommunedirektøren sitt planforum.
- Det er ønskjeleg at utviklingslaga, Gloppen næringsorganisasjon og dei kommunale råda fungerer som referansegruppe i planarbeidet.