Kap I: Formål, omfang og virkeområde
§ 1-1 Formål
Fleksibel arbeidstid i Gloppen kommune skal bidra til at den enkelte arbeidstakar i større grad kan tilpasse arbeidstida si i høve til arbeidsoppgåver og personlege behov og gje auka trivsel og effektivitet i arbeidet.
Det er ein føresetnad for bruk av fleksibel arbeidstid at servicen overfor publikum er sikra. Dei tilsette skal derfor ordne seg slik at praktiseringa av den fleksible arbeidstida ikkje får uheldige verknader for tenestetilbodet og det arbeidet den enkelte skal utføre.
§ 1-2 Omfang og vilkår
Reglementet og praktiseringa av dette skal vere i samsvar med arbeidsmiljølova kap. 10 - arbeidstid og kapittel 4 i kommunen sitt arbeidsreglement.
- Ordninga med fleksitid gjeld alle arbeidstakarar i Gloppen kommune med heile arbeidsdagar med unntak av undervisningspersonell
- tilsette som går i turnus.
Tilsette med arbeidsplass knytt til opningstid og tilsette som arbeider saman i grupper, kan få fleksibel arbeidstid når dette ikkje reduserer tenestetilbodet eller hindrar utføringa av arbeidet.
For leiarar som er unnateke reglane om overtid etter arbeidsmiljølova § 10-12 (1), gjeld retten til avspasering berre dei som ikkje har kompensasjon i form av ekstra fridagar etter hovudtariffavtalen kap 1, § 6.3.
Ordninga med fleksibel arbeidstid gjeld ikkje ved tenestereiser, kurs, sjukdom og anna fråvær med lønn.
Kap II: Rammene for fleksitid, praktisk gjennomføring
§ 2-1 Kjernetid
Kjernetid - det vil seie den tida alle arbeidstakarar skal vere til stades på arbeidsplassen - er tidsrommet kl 09:00 - 14:00 gjennom heile året med unntak av dei dagane som gjennom sentrale og lokale avtalar har kortare arbeidstid.
Grensene i arbeidsmiljølova § 10-4 gjeld også for fleksibel arbeidstid.
§ 2-2 Ingen tillegg ved fleksitid
Fleksitid er når arbeidstakaren sjølv vel å arbeide ut over ordinær arbeidstid. Fleksitid utløyser derfor ikkje rett til overtidsbetaling eller tillegg for ulagleg arbeidstid. Det blir heller ikkje utbetalt kostgodtgjersle i slike tilfelle.
§ 2-3 Avspasering, avrekningsperiode og overføring
Avspasert fleksitid skal vere opparbeidd på førehand.
Opparbeidd fleksitid kan avspaserast med timar eller dagar. Det kan avspaserast inntil 20 fleksidagar per år for heile stillingar og inntil 10 dagar for halve stillingar. Avspasering i kjernetid skal avtalast på førehand med næraste leiar. Etter avtale kan fleire dagar bli avspasserte i samanheng.
Avrekningsperioden er kalenderåret. Ved utgangen av avrekningsperioden skal "fleksitidsrekneskapen" gjerast opp. Oppspart fleksitid for inntil fem fleksidagar for heil stilling kan overførast til nytt kalenderår. Overskytande tid blir stroken utan kompensasjon.
§ 2-4 Kontrollordning
Kvar arbeidstakar som brukar ordninga med fleksitid, skal føre rekneskap for eiga arbeidstid ved stempling i RS eller på fastsett skjema (XLS, 391 kB). Skjemast skal framvisast til næraste overordna, revisjonen eller kontrollutvalet på førespurnad.
III: Endringar, tolkingar og iverksetting
§ 3-1 Endringar og tolkingar
Endringar i dette reglementet skal gjerast av administrasjonsutvalet sjølv. Administrasjonsutvalet avgjer også med bindande verknad kva som gjev ved eventuelle tolkingar av reglementet.
§ 3-2 Iverksetting m m
Reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir mellombelse reglar om fleksitid i Gloppen kommune, vedtekne av administrasjonsutvalet den 30. august 2001, oppheva.