Reglar for tildeling og bruk av elektroniske kommunikasjonstenester

Vedteke av kommunedirektøren 10.06.2020

I: Omfang og alternativ

§ 1-1 Omfang og bakgrunn

Desse reglane gjeld for tilsette i Gloppen kommune og omfattar kjøp og bruk av elektroniske kommunikasjonstenester (EK-tenester) I tillegg gjeld retningslinjer for mobilbruk i Gloppen kommune. 

§ 1-2 Skattepliktige EK-tenester 

Kva som er meint med skattepliktige EK-tenester, kva som utløyser skatteplikt og korleis skattlegging skal gjerast, går fram av gjeldande skattereglar. Dei mest aktuelle EK-tenestene er telefon og breiband. Arbeidsgjevarbetalt PC og evt. utstyr til denne er etter dagens skattereglar ikkje skattepliktig EK-teneste ved bruk i teneste. 

§ 1-3 Kommunal mobiltelefon 

Bruk av kommunalt betalt mobiltelefon (også vakt-/beredskapstelefon) utløyser ikkje skatteplikt for brukar når telefonen berre blir brukt i arbeidstida, på tenestereise og ved sporadisk bruk, og elles lagt igjen på arbeidsplassen. Slike mobiltelefonar skal som hovudregel registrerast med namngjevne personar som brukar.

Tilsette som pga beredskap eller behov for å vere tilgjengeleg har avtale om å disponener kommunal mobiltelefon utanfor ordinær arbeidssituasjon, får skatteplikt etter gjeldande reglar *). Slike telefonar skal som hovudregel registrerast med namngjevne personar som brukarar.

Tilsette som ikkje har kommunal mobiltelefon kan få refundert private ekstrautgifter for kommunal telefonbruk, etter spesifisert rekning frå mobileigar. 

§ 1-4 Tildeling 

Tildeling for bruk utanfor ordinær arbeidssituasjon og tildeling av andre EK-tenester blir gjort av kommunedirektøren, sektorleiarane eller einingsleiarane. 

III: Iverksetting og praktisering

§ 3-1 Endringar og tolkingar

Endringar i desse reglane skal gjerast av kommunedirektøren. 

§ 2-2 Iverksetting mm

Reglane gjeld frå fastsettingsdato