Arbeidsreglement for tilsette i Gloppen kommune

Vedteke av Administrasjonsutvalet den 14.04.2016, sak 003/16

I: Omfang, verkeområde og overordna reglar

§ 1-1 Kvar reglementet gjeld

Reglementet gjeld alle kommunale arbeidstakarar i eit fast, forpliktande arbeidsforhold med ei på førehand fastsett arbeidstid, jfr. hovudtariffavtalen sine fellesreglar § 1. Reglementet gjeld ikkje for "tilsette" med oppdragsavtalar, støttekontakter, pårørande med omsorgslønn og liknande avtalar som er inngått i medhald av særlovgjevinga.

Reglane i reglementet gjeld ikkje når dei strir mot lov, tariffavtalar eller andre reglar som er bindande for kommunen. 

§ 1-2 Alminneleg orden 

Alle tilsette skal møte punktleg fram på arbeidsstaden/mønstringsstaden til fastsett arbeidstid. Arbeidstakar som ikkje kan møte til avtala tid, skal så fort som råd melde frå til næraste leiar.

Alle må opptre på ein respektfull og høfleg måte mot dei ho eller han får med å gjere i arbeidet. Ingen må vere berusa under arbeid eller nyte rusmiddel i arbeidstida. Ved rusmisbruk gjeld eigne reglar. Gloppen kommune skal vere ein røykfri arbeidsplass. Dette gjeld også i kommunale bilar og i kommunen sin maskinpark.

Kvar og ein må utføre arbeidet pliktoppfyllande og på beste måte. Alt inventar, maskinar, verktøy, materialar og anna som kommunen eig, skal behandlast med omtanke. Det skal visast varsemd ved bruk av giftstoff, eld og brann- og eksplosjonsfarlege saker.

Arbeidstakaren skal rette seg etter reglar og pålegg som er gitt for å verne om helse, miljø, tryggleik og eigedom, og bruke det verneutstyr som er påbode etter lov og forskrifter. 

§ 1-3 Arbeidsmiljø

Alle tilsette pliktar å medverke til å utvikle eit godt og sikkert arbeidsmiljø, jfr.§ 2-3 i arbeidsmiljølova. Vi skal alle trivast på jobb og har eit kollektivt ansvar for dette. Alle skal vise aktsemd og bidra til å hindre ulykker og helseskadar. Blir nokon merksame på arbeid som blir utført med fare for liv og helse, skal dette stoppast straks og varslast til næraste leiar eller avdelinga sitt verneombod. Trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen skal ikkje førekome. 

§ 1-4 Teieplikt og etiske reglar 

Alle nytilsette skal signere erklæring om teieplikt. Uavhengig av dette gjeld reglane om teieplikt for alle tilsette i Gloppen kommune.

Kommunen sine etiske reglar gjeld som ein del av dette reglementet. 

§ 1-4 Medarbeidarsamtale/leiarsamtale 

Alle tilsette har rett og plikt til årlege medarbeidarsamtalar/leiarsamtalar. Til hjelp for gjennomføring av samtalen er utabeidd eigne skjema for medarbeidersamtale og leiarsamtale. 

II: Tilsetting, introduksjon og prøvetid 

§ 2-1 Tilsetting 

Arbeidstakaren blir tilsett i Gloppen kommune, ikkje i den einskilde etat/institusjon - på dei lønns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, reglement, tilsettingsdokument og tariffavtalar. 

§ 2-2 Arbeidsavtale 

Tilsetting skal skje ved skiftleg arbeidsavtale for alle arbeidstilhøve uavhengig av lengda og storleiken på tilsettinga. Det skal gå fram av arbeidsavtalen kva vilkår som gjeld for stillinga.

§ 2-3 Politiattest

For stillingar der det i medhald av lov eller forskrift blir kravd politiattest, skal denne leggast fram før tiltreding i stillinga. 

§ 2-4 Helseerklæring, utanlandske arbeidstakarar m m 

Alle arbeidstakarar som skal arbeide med barn, sjuke eller pleietrengande skal fylle ut og levere eigenerklæringsskjema helse før oppstart av arbeidet. Dei pliktar også løpande å informere leiar om forhold som kan føre til smittespreiing, til dømes opphald i høgrisikoland, innlegging/behandling i helseinstitusjonar utanfor Norden eller nærkontakt med smitta personar.

Ved tilsetting av utanlandske arbeidstakarar gjeld særskilde reglar i tillegg. 

§ 2-5 Introduksjon og prøvetid 

Alle nytilsette skal gjennomføre kommunen sitt introduksjonsprogram og følgjast opp i prøvetida på seks månader slik det går fram av programmet. I prøvetida gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på 14 dagar, jfr også §§ 15-3 og 15-6 i arbeidsmiljølova. 

§ 2-6 Anna lønna arbeid og privat praksis 

Kommunal arbeidstakar kan ikkje utan løyve ha anna lønna arbeid som vil vere av eit slikt omfang at det kan gå utover vedkomande si arbeidsyting i kommunen. Det same gjeld for ekstraarbeid og eigarinteresser som kan føre til inhabilitet etter reglane i forvaltningslova. Arbeidstakar pliktar å informere om slike bierverv.

Arbeidstakar som driv privat praksis i tillegg til kommunal stilling, må klarere og avtale skriftleg korleis den private praksisen skal drivast. Slik avtale skal signerast av rådmannen sjølv. 

III: Utbetaling av lønn og godtgjersle m m

§ 3-1 Utbetaling av lønn

Lønn blir utbetalt den 12. i månaden. Rådmannen fastset frist for levering/registrering av timeliste og rekning på anna godtgjersle for at slik variabel utbetaling skal kome med på rett utbetalingsmånad.

Kommunen har ikkje ordning med fast forskot på fastlønn. Forskot på lønn kan unntaksvis utbetalast etter tilvising.

Kvar arbeidstakar skal sjølv kontrollere at det er utbetalt rett sum. Eventuelle feil må meldast snarast råd. 

§ 3-2 Trekk i lønn 

Trekk i lønn kan berre gjerast i desse tilfella:

  • Lovbestemte trekk 
  • Pensjonsinnskot for dei dette gjeld. Pensjonsinnskot blir trekt frå tiltredingsdato 
  • Summar som på førehand er avtalt med arbeidstakaren 
  • Kontingent til fagforeining dersom foreininga ber om det, jfr. hovudavtalen § 9 
  • Erstatning for skade eller tap arbeidstakaren med vilje eller ved grov aktløyse har påført kommunen. Føresetnaden for slikt trekk er at arbeidstakaren skriftleg stadfestar erstatningsansvar, eller det er fastslått ved dom eller arbeidstakaren rettsstridig sluttar i stillinga si.

 

Lønnstrekk skal vere avgrensa til den delen av lønna som overstig det som er rimeleg å tru at arbeidstakaren treng for å forsørgje seg sjølv og husstanden sin. Før det blir gjennomført trekk, skal dette drøftast med arbeidstakar.

§ 3-3 Velferdstiltak og merksemd m m

For velferdstiltak og gåve når nokon sluttar og merksemd ved dødsfall gjeld eigne reglar. 

§ 3-4 Flyttegodtgjersle 

For dekking av utgifter ved flytting gjeld eigne reglar.

IV: Arbeidstid, tenestereiser og ferie m m

§ 4-1 Arbeids- og kviletider

Klokkesletta for arbeids- og kviletider skal gjerast kjende for dei tilsette.

Den ordinære arbeidstida for veka skal i gjennomsnitt vere 37,5 timar og 35,5 timar for tilsette i turnusordningar. Arbeidstidsordningane skal følgje reglane i hovedtariffavtalen sine fellesreglar § 4.

Normal arbeidstid for dei som ikkje går i turnus er frå kl 08:00 til 15:45 måndag til fredag i perioden f.o.m. 1. september t.o.m. 14. mai og frå kl 08:00 til 15:00 på same dagar i perioden f.o.m. 15. mai t.o.m. 31. august. Arbeidstida for undervisningspersonalet er regulert gjennom særavtale. 

§ 4-2 Overtid 

Arbeid utover avtalt arbeidstid skal ikkje gjennomførast utan at det ligg føre eit særleg og tidsavgrensa behov for det. Alt overtidsarbeid skal godkjennast av næraste leiar. 

§ 4-3 Tenestereiser og kurs m.m. 

Godtgjersle og kompensasjon for arbeids- og tenestereiser, inkludert kurs og konferansar blir gjeve etter eige reglement.

§ 4-4 Fleksitid

For dei av arbeidstakarane i Gloppen kommune som har rett til fleksitid gjeld eige reglement. 

§ 4-5 Ferie 

Ferien blir avvikla i samsvar med reglane i gjeldande ferielov og tariffavtale.

Arbeidsgjevar fastset ferietid etter drøfting med arbeidstakaren eller tillitsvalde til vedkomande. Ferieavviklinga skal vere avtalt minst to månader før ferien tek til. Arbeidstakarar over 60 år bestemmer sjølv tidspunkt for ekstra ferieveke, men må gje arbeidsgjevar minst to vekes varsel før avvikling.

V: Permisjon og fråvær

§ 5-1 Permisjon

For permisjon gjeld reglane i kommunen sitt permisjonsreglement.

§ 5-2 Fråvær frå arbeidet 

Fråvær grunna sjukdom, ulykke eller andre årsaker skal snarast råd meldast til næraste overordna. Ved alle fråvær skal eigenmelding leverast snarast råd i samsvar med reglane som gjeld for dette.

VI: Avvik, varsling og ytringsrett

§ 6-1 Avvik

Feil, manglar og uønska hendingar m m skal straks meldast i samsvar med prosedyre for avviksregistrering og avvikshandtering.

§ 6-2 Varsling 

Tilsette skal seie frå om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen i samsvar med prosedyre for intern varsling. Eige skjema for intern varsling skal nyttast. 

§ 6-3 Dei tilsette sin ytringsrett i arbeidsforhold 

Dei tilsette skal som hovudregel gå tenesteveg med interne forhold. Alle tilsette har likevel rett til å kunne kontakte og uttale seg til media, men heile tida innanfor grensene av lovbestemt teieplikt. Den enkelte tilsette skal gjere merksam på at det dreier seg om personlege ytringar og ikkje ytringar eller uttale på vegne av kommunen. Kommunal stillingstittel, brevmal, faks eller kommunal e-post skal derfor ikkje brukast.

Det er berre kommunedirektøren eller den han har gjeve fullmakt som kan uttale seg til media på vegne av kommunen.

Kvar tilsett skal lojalt gjennomføre kommunale vedtak, men skal likevel kunne påtale kritikkverdige tilhøve eller utilsikta verknader, sjølv om vedtak er fatta.

Dei tilsette må vere forsiktige med å uttale seg om arbeidsforhold og tema som gjeld drift av kommunen på sosiale media.

VII: Oppseiing og avskil

§ 7-1 Oppseiing

Oppseiing skal vere skriftlege frå begge partar. Arbeidstakaren kan krevje grunngjeving for oppseiinga. Denne kan krevjast i skriftleg form.

Ved oppseiing frå kommunen si side skal oppseiinga innehalde opplysningar om dei rettar arbeidstakaren har til å krevje forhandlingar, reise søksmål og kva fristar som gjeld. Før slik oppseiing finn stad, skal saka drøftast med arbeidstakaren og med arbeidstakaren sin tillitsvalde med mindre arbeidstakar sjølv ikkje ønskjer det. Oppseiingsfristane skal vere i samsvar med gjeldande reglar i lov og tariffavtale.

Arbeidstakaren sine rettar ved oppseiing går elles fram av kapittel 15 i arbeidsmiljølova.

Arbeidstakaren har krav på sluttattest når han eller ho sluttar i kommunen.

§ 7-2 Suspensjon og avskil

Kommunen kan gi ein arbeidstakar avskil med pålegg om å slutte med det same dersom han eller ho har gjort seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg vanskjøtting av arbeidsavtalen. Dersom arbeidstakaren ikkje må fråtre med ein gong, kan ho/han bli suspendert frå stillinga medan spørsmålet om avskil bli behandla.

Suspensjon kan iverksettast når det er grunn til å tru at vilkåra for avskil etter § 15-14 i arbeidsmiljølova er til stades. Før det blir gjort vedtak om suspensjon eller avskil skal saka drøftast med arbeidstakaren og med arbeidstakaren sin tillitsvalde med mindre arbeidstakaren ikkje ønskjer dette, jfr. § 15-14 (2) i arbeidsmiljølova.

Arbeidstakar kan krevje grunngjeving i desse sakene. Ho/han har også krav på lønn til det er gjort vedtak om avskil.

Melding om suspensjon/avskil skal vere skriftleg og innehalde opplysningar om rett til å krevje forhandling, reise søksmål og kva fristar som gjeld.

§ 7-3 Fullmakt

Det er berre kommunedirektøren sjølv som har fullmakt til å går til oppseiing eller avskil av tilsette.

VIII: Endringar, tolkingar og iverksetting

§ 8-1 Endringar og tolkingar

Endringar i dette reglementet skal gjerast av administrasjonsutvalet sjølv. Administrasjonsutvalet avgjer også med bindande verknad kva som gjeld ved eventuelle tolkingar av reglementet.

§ 8-2 Iverksetting m m

Reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir arbeidsreglementet vedteke av kommunestyret den 15. desember 1997, med seinare endringar, oppheva.