Kommunedirektør

Anders Skipenes er kommunedirektør i Gloppen kommune. Han tok til i stillinga i juni 2020

Kommunedirektøren sitt mål er å ha ein organisasjon som

  • fremjer tverrfagleg samarbeid og ressursnytting 
  • er oppgåvefokusert 
  • gjev tenesteleiarane eit tydeleg delegert ansvar for eiga teneste

Kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar. Alle tilsette i kommunen er underlagt kommunedirektøren, og utfører arbeidet sitt etter fullmakt frå kommunedirektøren.

Gloppen kommune er administrativt inndelt i to nivå under kommunedirektøren: Nivå 1 er kommunalsjefar og nivå 2 er tenesteleiarane. Organisasjonssjefen har status som kommunalsjef

Kommunedirektøren er både kommunedirektøren sjølv, og ein uttryksmåte på kommunen sin administrasjon.

Kommunedirektøren sine oppgåver kan grovt sett delast i desse punkta:

  • Personalforvaltning og organisering 
  • Økonomistyring 
  • Planlegging 
  • Saksbehandling og iverksetting av vedtak.

Kommunedirektøren sine fullmakter følgjer av kommunen sitt delegeringsreglement.

Det er kommunedirektøren som er ansvaleg overfor alle folkevalde organ i kommunen, unnateke kontrollutvalet. Dette gjer t.d. at alle saker som blir lagde fram for folkevalde organ, blir lagde fram i kommunedirektøren sitt namn. Og på si side kan folkevalde organ berre gje oppdrag og pålegg til kommunedirektøren, ikkje direkte til andre kommunalt tilsette.

Mesteparten av kommunedirektøren sine oppgåver og fullmakter blir utøvde gjennom kommunalsjefar og tenesteleiarar

Organisering

Sjå korleis administrasjonen er organisert  - organisasjonskart

Kontaktinformasjon 

Telefon: 48 16 71 12

E-post: anders.skipenes@gloppen.kommune.no