
Lønn
Lønna avtalast mellom arbeidgivar og ungdomen. Det er ikkje lovfesta noko minstelønn for ungdomsskuleelevar. Bærplukking og avløysararbeid har gjerne ei begynnarlønn på 150-160 kr timen for ungdom under 18 år.
Arbeidsavtale
Arbeidsgivar bør lage til ei arbeidsavtale der det står om arbeidsoppgåver, arbeidstid og lønn. Ungdomen må få god opplæring. Tenk også på tryggleiken: Bruk verneutstyr, -td. briller og tjukke sko ved kantklipping.
Skattefrie småjobbar for privatpersonar
Både ungdom og vaksne kan tene inntil 6000 kr på små jobbar for privatpersonar i hus eller hage, utan å betale skatt eller rapportere noko. Om ein tenar meir enn 6000 kr, må ungdomen skaffe seg frikort, og arbeidsgivaren melde det inn på eit skjema.
Skatteetaten har meir info om dette på si nettside.
Dette betyr at om du tilsett ein ungdom for å klippe gras eller luke i bed i sesongen, for ei timelønn på 150 kr i timen, så kan du lønne for 40 timar utan at du som arbeidsgivar må melde inn noko som helst.