På jobb for folk i Gloppen

Kvar dag møter mange personar opp på jobb i Gloppen for å skape eit godt liv og gode tenester for alle som oppheld seg i kommunen vår. 

Vil du bli ein av oss? Sjå alle våre ledige stillingar

Tilsette i Gloppen kommune er her for deg frå før du vert født, når du er liten, medan du veks og når du vert eldre. Vi føl deg frå barnehagen, til skule, og i fritida. Vi syter for at du har vatn i springen, trygge vegar og gode kulturtilbod....for å nevne noko.

Vi har tilsette på vakt døgnet rundt - slik at du skal føle deg trygg. 

Vi har tilsette som sørger for at vil tilbyr tenester som våre innbyggjarar har krav på, og vi hjelper dersom du treng råd og veiledning.

Fann du ikkje det du var på leit etter?

Om du ikkje fann stillinga for deg her, samarbeider vi med Nordfjordakademiet som gjerne vil hjelpe deg å finne din plass i Nordfjord. Meld deg inn i Nordfjord Alumi som jobbsøkjar, så tek dei direkte kontakt med deg!

Meld deg inn Nordfjord Alumni 
 

Ronny Solheim