Oversikt over landsbylaurdagar i 2024

Her er oversikt over landsbylaurdagar ut året! Det er berre å melde si interesse for å delta!

Kva er landsbylaurdag?

Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Det er gratis for lag og organisasjonar som ønskjer å bidra, med unntak av Sandanedagane og Matamål – då må ein avtale med arrangøren om ein vil ha stand. 

Vi ønskjer at fleire koplar seg på for å delta med aktivitetar på datoane som er sett opp! 
Her er også ein pdf-fil om du vil skrive ut ein plakat (PDF, 295 kB) over landsbylaurdagar.
 

Ta kontakt

Har du spørsmål eller vil delta på landsbylaurdag – ta kontakt med Birte Fossheim – mob 92 47 72 48 el epost: birte.fossheim@gloppen.kommune.no