Høyring: Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet (KIFF)

Denne planen skal stake ut kursen for Gloppen kommune si satsing på idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet dei neste åra. Den fortel om kva vi har gjort i førre planperiode, om kor aktive befolkninga i Gloppen er, om kva anlegg vi har for aktivitet og kva behov vi har framover. Planen handlar og både organisert aktivitet og eigenorganisert, og vi har føreslått tiltak retta mot alle aldersgruppe.

Visjonen er “Lett å vere aktiv!”

Kommunen kan ikkje vedta fysisk aktivitet, men kommunen er med å legge til rette i lag med frivillege lag og organisasjonar og andre aktørar. Vi kan gjere det lettare å vere aktive. Visjonen oppsummerer det dei fleste innspela handlar om, enten det gjeld idrettsanlegg, samarbeid, skule, fritid, møteplass i nabolag, gang- og sykkelvegar eller toalett ved badeplassar.  Alt dette handlar om å gjere det “Lett å vere aktiv”.  

Satsingsområde for planen har vi kome fram til gjennom medverknad det siste året, frå ope møte i mai 2023 til opplegg retta mot elevar i mars 2024: 

1. Fysisk aktivitet for alle! Det viktigaste er å løfte dei som er lite aktive, i alle aldrar
2. Berekraftig friluftsliv
3. Vi må legge betre til rette for eigenorganisert aktivitet
4. Vi må ha arenaer for fysisk og sosial aktivitet der folk bur

Les høyringsutkastet her

Har du innspel?

Innspel/uttale skal merkast med «24/2716», og kan sendast via e-skjemaet:

Skjema for høyringsuttale  (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller 
post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Spørsmål

Om du har spørsmål til planen kan du kontakte Åslaug Haugset, folkehelserådgivar i Gloppen kommune: aslaug.haugset@gloppen.kommune.no eller på mobil: 91 00 06 82 

Frist for innspel er 27. mai.

BUA illustrasjon lego - Klikk for stort bileteBUA illustrasjon lego