Høyring: Detaljregulering for Sandane fjordterrasse

Detaljregulering for Sandane fjordterrasse med planID: 2023002 vart handsama av samfunnsutvalet i sak 019/24 den 28.02.2024.

Gloppen kommune legg privat framlegg til detaljregulering for Sandane fjordterrasse, utarbeidd av Flataker Landskap AS på vegne av Olav Eikenæs AS og Fjordlandsbyen AS, ut til fyrstegongs høyring og offentleg ettersyn.

 Høyringsfrist 12. mai 2024

SAMF-019/24 Vedtak

Forslag til detaljregulering for Sandane Fjordterrasse og Fjordlandsbyen, med plan ID 2023002, vert i medhald av Plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 lagt på høyring og offentleg ettersyn, med vilkår om at tilbakemeldinga om trygg ferdsel og støytiltak vert innarbeidd i planforslaget før utlegging. Administrasjonen får høve til å gjere redaksjonelle endringar i plandokumenta før dei blir sendt på høyring og det vert teke atterhald om at kommunen kan kome med krav om justeringar i høyringsperioden.

Føremålet med planen

Planforslaget omfattar gbnr. 69/22, og skal leggje rette for inntil 25 nye bueiningar, lokalisert like nord for småbåthamna og strandparken, mellom Nordstrandsvegen i nordaust og Krånavegen i vest. Planforslaget legg opp til to byggeområde med tilhøyrande infrastruktur og parkeringsareal.

Sjå planbeskriving og vedlegg her   

Merknader til planforslaget

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar.
Uttale skal merkast med «24/2348», og kan sendast via skjemaet 

Skjema for høyringsuttale  (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller 
post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Vidare planprosess

Når høyringsfristen er ute, vil kommunedirektøren samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før planforslaget vert lagt fram for sluttbehandling og vedtak. Berørte naboar og grunneigarar vil få tilsendt kunngjering etter vedtak.

Frist for å kome med uttale er sett til 12.05.2024.