Høyring av melding med forslag til konsekvensutgreiingsprogram for Re Energi kraftverk

NVE har fått ei melding frå Re Energi AS om bygging av Re Energi kraftverk i Gloppen kommune i Vestland fylke. Meldinga blir no sendt på høyring til råka partar med høyringsfrist 21.05.2024.

NVE vil halde eit offentleg informasjonsmøte om saka 07. mai i Breimshallen i Breim. På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga av meldinga, medan søkjar vil orientere om meldinga, utbyggingsplanane og vidare utgreiing. 

Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på éin av følgjande måtar:

• via skjema for fråsegner, som de finn på nettsida i saka www.nve.no/9049/v
• via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Høyringsfråsegn» og saksnummer 202305721 i      emnefeltet, og oppgje namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
• via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO

Frist for å sende fråsegn er 21.05.2024.

Her finn du lenka til saka