Ope temamøte om cruise i Gloppen

  • Hending

Ope temamøte om cruise i Gloppen

Dato

Onsdag 16. september 2026

Tidspunkt

kl. 19.00 - 21.00

Stad

Kinosalen i Trivselshagen

Last ned kalenderfil (.ics)

Gloppen kommune og Gloppen næringsorganisasjon inviterer til eit nytt temamøte om "Gloppen som cruisedestinasjon" onsdag 16. september.

Gloppen kommune har bestilt ein rapport knytt til satsinga på cruiseturisme, og reiselivskonsulenten Mimir AS vil i møtet presentere si analyse av moglegheitene. Vi ønskjer også å høyre glopparane si meining om korleis cruisesatsinga bør skje.

Møtet er ope for alle interesserte, både privatpersonar, organisasjonar og næringsliv. 

Tid: 16. september kl. 19:00-21:00

Stad: Kulturhuset Trivselshagen - kinosalen og foajeen

Program (førebels):

  • 19:00-19:10: Velkomen
  • 19:10-19.50: Presentasjon av forstudien "Gloppen som cruisedestinasjon" - førebelse resultat v/Torill Olsson (Mimir AS)
  • 19:50-20:00: Pause
  • 20:00-20:40: Arbeidsverkstad - Korleis ønskjer glopparane at cruisesatsinga i Gloppen skal skje?
  • 20:40-21:00: Felles oppsummering

Påmelding:

Meld deg på her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Gloppen kommune

Kontakt

Åse-Birgitte Berstad

Om staden

Namn

Kinosalen i Trivselshagen

Adresse
Firdavegen 21
6823 Sandane
Til toppen