Senioruniversitetet: Roger Sevrin Bruland

Senioruniversitetet: Roger Sevrin Bruland

Frå krig og pandemi til småbrukar i Utvik.

Dato
8. januar 2025
Tid
11:30 - 12:30
Stad
Kinosalen i Trivselshagen

Dei siste fire åra har du sett han på fjernsyn og høyrt han på radio om dramtiske nyheiter i Europa.
No har han flytta heim til Utvik og blitt bringebærbonde. Roger Sevrin Bruland kjem til oss for å snakke om overgangen 
til eit rolegare liv og kjem med refleksjoner om stoda i verda akkurat no.

Roger Sevrin Bruland  er kjend fra å ha dekka store saker som pandemien i Italia, krigen i Ukraina og grottedramaet  i Thailand.
No arbeider han for Norec i Førde, ein etat under utanriksdepartementet som driv med utveksling, demokratifremme,
og evaluering av norsk bistand.

Roger Sevrin Bruland har utdanning fra Det amerikanske universitetet i Kairo, Universitetet i Aberdeen og universitetet i Bergen. Han har erfaring fra Det norske forsvarets operasjonar på Balkan.

Han er gift med folkemusikar Britt Pernille Frøholm.
 

Billettar finn du her

Arrangør

Senioruniversitetet
Til toppen