Idèmøte om stallane på Øyrane

Idèmøte om stallane på Øyrane

Kva skal skje med stallane på Øyrane når det nye vernebygget for Holvikejekta står ferdig?

Dato
4. desember 2024
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Heradshuset

Kommunen inviterer lag- og organisasjonar, næringsaktørar og privatpersonar til innspel og idémøte onsdag 4. desember kl 19 – 21 i kommunestyresalen.

Det er viktig å få ulike alternativ på bordet, før det blir gjort eit vedtak om stallane si framtid. Er det aktørar som ser potensiale for alternativ bruk? Er det aktørar som er villig til å investere i området? Det kostar å rive bygningen, så dette må sjåast opp mot kostnader for nytt tak, måling, nye dørar og vindauge. Den gamle stallbygningen er frå 1950-talet, og må også vurderast opp mot sin historiske verdi for utvikling av dyrehushald og Gloppen som landbrukskommune. Bygningen er ikkje verna i dag.

Innspela frå dette møtet vil vere med å danne grunnlag for den politiske saka som kjem på nyåret. 

Stallane på Øyrane Birte Fossheim

Arrangør

Gloppen kommune
Til toppen