-
Dato
-
5. april 2025
-
Tid
-
18:00 - 19:30
-
Stad
-
Kultursalen i Trivselshagen
Breimskoret er godt kjent for sine årlege kabaretar der dei stadig finn nye og spennande tema. Kabareten i år er i så måte ingen unntak. Kormedlemane har valgt å løfte blikket for å ta del i lokale utfordringar.
Cruiseskip på feil kurs.
I år har Breimskoret tatt for seg den stadig aukande cruisetrafikken på Gloppefjorden. Om ein ikkje tek feil så var det heile to skip som valgte «feil fjordarm» i 2024? Så fantastisk var dette at til og med lokalavisa var ute og tok bilde av storhendinga på Gloppefjorden.
Dei som hugsar tilbake, kjem i hug at cruisetrafikk var eit tema etter forrige lokalval, men bølgene la seg i takt med at fjære tok over etter flo.
Brettar opp armane.
Kan framoverlente sjeler i Breimskoret bidra til auka cruisetrafikk på Gloppefjorden, utan at det treng å ruinere ein anstrengt kommuneøkonomi? Sjølvsagt! Kor vanskeleg kan det vere?
Godt samarbeid.
Manus for kabareten er skriven av Britt Glomnes Willumsen. Publikum vil få oppleve stadige utfordringar som krev spontane og effektive løysingar. Kor vellukka det vert gjenstår å sjå. Gunn Tone Moen er ansvarleg for regien.
Breimskoret sin dyktige dirigent, Solfrid Bjørkum, lover ein kabaret med mange flotte songar, -dette av eit kor som stadig er i vekst. Med seg har ho koret sitt stabile og faste orkester. Arne Søholt har også i gjort ein stor jobb med å arrangere songar til både kor og orkester.
Vi gler oss over at Breimskoret vel å tenke enkelt og kreativt og ser fram til ein ny kabaret, våren 2025.
Billettar til fredagen finn du her
Billettar til laurdagen finn du her