Teater Vestland: Brørne Løvehjarte

Teater Vestland: Brørne Løvehjarte

Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene - og om å finne motet i seg sjølv!

Dato
4. desember 2025
Tid
18:00 - 19:50
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt. 

Historia handler om brørne Jonatan og Karl - eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala - til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine. 

Og det slepp han. 

For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret  og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!» 

I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland. 

Brørne Løvehjarte
Av Astrid Lindgren
Omarbeidd av Toril Solvang
Regissør Miriam Prestøy Lie
Skodespelarar: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen 
Illustrasjon Illon Wickland

Forestillingslengde: 1 time 50 minutter (inkludert pause).

Produsert av Teater Vestland i samarbeid med Den Nationale Scene.

Billettar finn du her

Arrangør

Teater Vestland
Til toppen