Gloppen Musikkfest: Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester

Gloppen Musikkfest: Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester

Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester spelar skjebnesymfonien m.m.
 

Dato
14. mars 2025
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Energiske Jan Willem de Vriend dirigerer BFUng for fyrste gong i et program som opnar med ei sprudlende italiensk operaouverture, går over i virtuost kontrabass-spel og endar med Ludwig van Beethoven sin symboltunge symfoni.

Jan Willem de Vriend og BFUng lar skarptromma slå an tonen for kveldens konsert, med Rossinis sprudlande og eviggrøne ouverture til operaen Den tyvaktige skjære.

Giovanni Bottesini var på 1800-tallet verdaskjent som kontrabassens Paganini. Han spelte fyrst fiolin og pauke, men skifta seinare til kontrabass. Han turnerte verda rundt og spelte ei sentral rolle i å få anerkjenning for kontrabassen som eit soloinstrument. Sjølv komponerte han virtuose verk for instrumentet, og hans konsert nr. 2 fra 1845 er ein av de meste spelte. I konserten vert heile kontrabassens register nytta for å demonstrere solistens virtuositet.

Dei fyrste, mektige og symboltunge tonane i Beethovens femte symfoni er truleg det mest kjente og gjenkjennbare motivet i den klassiske musikken. Desse tonane, ofte tolka som lyden av at skjebnen bankar på døra, har kanskje blitt gjenstand for flere fortolkninger enn nokon andre. Vi kan sjå fram til ei frisk, energisk og ungdommeleg tolking leia av Jan Willem de Vriend.

Billettar finn du her

Arrangør

Gloppen Musikkfest
Til toppen