Verda og vi: Gro Holm

Verda og vi: Gro Holm

Den russiske presidenten Vladimir Putin har ført landet sitt ut i krig, kasta politiske motstandarar i fengsel og krympa ytringsfridomen til eit minimum. 

Dato
27. mars 2025
Tid
20:00 - 21:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Likevel seier mange russarar at dei støttar han, og at dei støttar krigen i Ukraina. Mange seier også at demokrati ikkje er så viktig for dei.

Kan ein skulde på frykt, propaganda og manipulasjon, eller har folk i Russland andre verdiar og eit anna syn enn folk i resten av verda?

NRK-journalist Gro Holm har vore korrespondent i Russland i to omgangar. Ho var korrespondent i USA i 2016 då Trump vart vald, og ho har vore utanrikssjef og distrikts- og nyheitsdirektør i NRK. Ho var også i Kyiv då Russland invaderte Ukraina i 2022. 

Billettar finn du her

Jurij Linkevitsj

Arrangør

Verda og vi
Til toppen