Grendahuset Gimle: Powerslaves - a tribute to Iron Maiden

Grendahuset Gimle: Powerslaves - a tribute to Iron Maiden

Ellevill rockefest i Gimle!!

Tidspunkt
Laurdag 01.02.2025 20.00 - søndag 02.02.2025 01.00
Stad
Gimle

Powerslaves - a tribute to Iron Maiden Best of the beast 1980-1988

I over eit tiår har Noregs beste Maidentribute-band gjort autentisk Maiden med stil! Dei fokuserer på the "golden years" og framfører hovedsakelig materialet frå 1980-1988, samt låtar Iron Maiden aldri har framført live. Det bergensbaserte bandet består av Eirik Søfteland i spissen, Kato Ådland og Jarle H. Olsen gitarer, Tore Christer Storlid bass og Bjarte K. Helland trommer. Saman hyllar dei eit av verdas største heavy metal-band og leverar eit forrykande show med høg intensitet og allsangfaktor!

Support

 Valagon

Valagon er eit femmanns rockeband frå Bergen som såg dagens lys i 2019. Valagon blandar slagkraftige grooves, vokalharmoniar og gitarriff som sjangermessig blandar ulike retningar innan rocken der element frå 70- og 80-talet er godt representert. Det er mange inspirasjonskjelder, men AC/DC og Elvis Presley må nemnast særskilt. Bandet består av Alf Holme (frå Hyen!) på gitar, Tim Skønberg på trommer, Ronny Olsen på bass, Roy Bjørge på tangentar og Jante på vokal.

Orsak

Orsak er det kvardagstilpassa rockestjernelivet for fire småbarnsfedre i Gloppen. Bandet består av Kristen Reikvam Ravnestad på gitar/vokal, Per Erik Finstad, gitar, Pål Kristian Gimmestad på bass/vokal og Per Idar Almås på trommer. Dei møtes i Rockebingen med ujamne mellomrom etter leggetid i heimen og når bassisten ikkje er på jobb i Nordsjøen. Den spede starten var møte i Vonheim for å spele ungdomstidas skatepunkhits (derav det tidligare rockete namnet Vonheimskameratane), for å så bli nesten eit Fu Manchu-tributeband. Programmet i Gimle vil gje innslag av litt ørkenrock, litt skatepunk og generelt veldig stilig musikk!

Dørene opnar kl. 20.00. Arrangementet har 18-års aldersgrense. 

Billettar finn du her

Arrangør

Grendahuset Gimle
Til toppen