Gloppen janitsjar og Tre kvinner og ein Mann: Ein førjulsdraum

Gloppen janitsjar og Tre kvinner og ein Mann: Ein førjulsdraum

Nært og kjært, nytt og spennande. Ein Førjulsdraum.

Dato
14. desember 2024
Tid
17:00 - 18:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Gloppen Janitsjar er vårt lokale, solide og majestetiske korps som gjev nasjonalkjensle og stoltheit til sitt publikum. Godt kjend frå 17. mai, skotårsgalla og andre arrangement og konsertar, er dei eit kjært korps som veit å sette stemning gjennom sin høge musikalske standard. I år har Gloppen Janitsjar og Tre kvinner og ein Mann gått saman i eit spennande førjulssamarbeid.

Randi Skaaden Felde, Hege Alme, Britt Glomnes Willumsen og Sjur Atle Austrheim er kjende for å formidle i ein lett tone, både musikalsk og verbalt. I år er det 10 år sidan Tre kvinner og ein Mann hadde sin første julekonsert. Det vart publikumsrekord i Trivselshagen med tre fulle hus, ein rekord som framleis står! Med seg på scena har dei sitt faste orkester av lokale musikarar.

Det er ei glede å tilby ein Førjulsdraum av dei sjeldne. Du vil oppleve eit variert lydbilde frå det vare og sarte, det lette og lystige, til det storslåtte. Gloppen Janitsjar og Tre kvinner og ein Mann vil by på uventa innslag av både tradisjonelle og nye julesongar. Det vert spenstige musikkarrangement, det vert stemningsfullt og det vert noko som aldri før har vore i Trivselshagen. 

Billettar finn du her

Arrangør

Gloppen janitsjar
Til toppen