På sjølvaste farsdagen inviterer Breimskoret til ein konsert utanom det vanlege for koret.
Koret som ofte blir assosiert med kabaret i Trivselshagen, vil saman med inviterte gjester skape ei musikalsk og stemningsfull stund i Breim kyrkje. Med oss på laget har vi med to breimningar som gjestar denne kvelden saman med koret.
Camilla Hole, komponist og saksofonist frå Breim, har dei siste åra gjesta dei fleste jazzscener i Norge og har fleire CD utgjevingar bak seg. Ho kjem til å prege denne konserten med sine vakre toner frå saksofonen.
Svein Førde, lyrikar frå Breim skriv dikt og kjem snart ut med si tredje diktsamling «Feelgood på nynorsk» på Lyrikkforlaget. Han vil framføre eigne dikt i ei musikalsk ramme.
Breimskoret har verken gitt ut CD eller bok. Men leia av vår dyktige dirigent Solfrid Bjørkum skal vi framføre nokre av våre finaste songar. Og saman med musikarar og diktar, setje ei ramme for konserten.
Velkomen til konsert i mørketida – vi gledar oss til denne kvelden ilag med deg!
Billettar finn du her