Verda og vi: Maja Lunde

Verda og vi: Maja Lunde

«Skjerm barna»

Dato
28. oktober 2024
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Eit barn som brukar mobiltelefon éin time om dagen vil med ein levealder på 82 år bruke om lag 30.000 timar på telefon. Det utgjer tre og eit halvt år. Skjermane er overalt – i klasserommet, på bussen, rundt middagsbordet. 

Mobiltelefon og algoritmar tek av barna si tid. Bruken går ut over alt det viktige barna treng for å ha det bra; som å leike, sove, lese, røre på seg og vere ilag med andre. Barna leikar mindre, les færre bøker og har mindre tid til utforsking og læring. 

Samtidig ser vi at stadig fleire barn og unge slit med psykisk helse. Dei får fri tilgang til applikasjonar og dingsar som vaksne knapt klarer å handtere. Dei får tilgang til sosiale medium som krev modning mange ikkje har utvikla.

Teknologien har på mange måtar teke over barndomen. Kva kan vi gjere for å snu denne utviklinga? Korleis kan vi begrense skjermbruken? 

Forfattaren Maja Lunde har fått fleire prisar for bøkene sine, og er kjent for mellom andre Bienes historie og Snøsøsteren. Lunde er utdanna medievitar og har lenge interessert seg for barn sin skjermbruk.

Billettar finn du her

Oda Berby

Arrangør

Verda og vi
Til toppen