Riksteatret: Prima Facie

Riksteatret: Prima Facie

Tessa er ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.

Dato
16. mars 2025
Tid
19:00 - 20:40
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Men ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho sjølv må sette systemet på prøve. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp for å finne vegen ut av den same skuggen av tvil som ho tidlegare har kasta over andre. «Prima Facie» tar oss med til det vanskelege punktet der livet møter reglane i lova.

«Prima Facie» er tankevekkende, brutalt og rørande. Eit teaterstykke som vert sittande i kroppen lenge etter at teppet har gått ned.

Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin sigersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scener over heile landet moglegheita til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.

«BEST PLAY»
Olivier Award

«BEST NEW PLAY»
WhatsOnStage

«BEST NEWCOMER»
Broadway World UK Awards

Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatende eller ved første øyekast.

Noregspremiere i Oslo, Nydalen 4. februar 2025.
På turné med Riksteatret til 45 stader. Vert spelt på Nationaltheatret etter turné.

På scenen Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset.

Av Suzie Miller. Oversatt av Agnes Banach. Regissør Maren E. Bjørseth. Scenograf og lysdesignar Norunn Standal. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Komponist og lyddesignar Sjur Miljeteig. Koreograf Magnus Myhr. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.

Billettar finn du her

Arrangør

Riksteatret
Til toppen