Senioruniversitetet: Unni Løvlid

Senioruniversitetet: Unni Løvlid

Ein time med Unni, folkesongaren frå Hornindal som no leier folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole. 

Dato
4. september 2024
Tid
11:30 - 12:30
Stad
Kinosalen i Trivselshagen
  • Å oppdage at det som er nært, kan være den største ressursen.

 

Unni Løvlid er folkemusikar, samtidsmusikar, komponist, akademikar og ein røynd pedagog. Ho vaks opp i Hornindal og interessa for folkesong fekk ho frå mor si, Oline Ragnhild Løvlid, som har samla inn mykje vokal tradisjonsmusikk i Nordfjord. Ho gjekk tre år på musikklinja på Firda vidaregående skule frå 1992 til 1995, før ho held fram musikkutdanninga på Toneheim folkehøyskole og sidan på Norges musikkhøgskole, kor ho tok hovudfag i musikk og sidan har blitt tilsett som førsteamanuensis og etter kvart blitt leiar av folkemusikkutdanninga same staden. I 2006 blei Unni som den fyrste nokon sinne, kåra til årets folkemusikar under utdelingen av Folkelarmprisen. Ho har spelt inn ein rekke med CD-album - m.a. Draumkvedet saman med Grex vocalis og KORK, som dei fekk spelemannsprisen for i 2006, ein rad soloplater og i 2022 fekk ho, Anne Hytta og Ingfrid Breie Nyhus Spellemannprisen i klassen samtid for albumet Unamna. Ho fekk Gammleng-prisen i klassen folkemusikk i 2007 og i 2015 vann ho Landskappleiken i vokal klasse A.

Unni har spelt og sunge med artistar frå store delar av verda og har ein imponerande liste over sjangre og uttrykk ho har  gjort til sitt.

Ho har gjesta Gloppen Musikkfest ein rekkje gongar både som komponist og musikar. I 2024 og 2025 er ho gjestekurator og får sette sitt preg på festivalprogrammet.

4. september kan du møte henne på senioruniversitet i Gloppen i kinosalen. Dette er eit samarbeid mellom Gloppen musikkfest og Senioruniversitetet i Gloppen.

Billettar finn du her

Arrangør

Senioruniversitetet
Til toppen