Førjulskonsert i Vereide kyrkje

Førjulskonsert i Vereide kyrkje

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - Ein førjulskonsert om livet på veglause gardar i Nordfjord.

Ved Oddgeir Bruaset, Arne Sølvberg og NordLys.

Billettar vert lagt ut i september
 

Dato
8. november 2024
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Vereide kyrkje

Ensemble Nordlys er eit prosjekt-ensemble satt saman av musikarar frå eller med tilknyting til Gloppen. Musikarane har i ei årrekke spelt i lag i ulike samanhengar og no funne saman i eit mindre ensemble. I denne konserten vil Oddgeir Bruaset fortelje historier frå Nordfjord frå sine to bøker «På fjellhylle og havstrand – livet på veglause gardar» og «Jul, der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Ensemble NordLys vil saman med Arne Sølvberg sette musikk til historiene som Oddgeir Bruaset fortel som også blir illustrert ved bileter vist på storskjerm.
 

 

Oddgeir Bruaset er i dag ein svært aktiv pensjonist som er kjent for dei fleste som både journalist, programleiar og forfattar. 1971 starta han å arbeide for NRK Møre og Romsdal, og har jobba for NRK heilt til han i 2014 gjekk av med pensjon. Oddgeir Bruaset har vunne ei rekkje prisar, mellom andre Sunnmørsprisen i 1991, Kringkastingsprisen 1993 og Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999. I 2003 fekk han Alf Helleviks mediemålpris for målføringa si i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arne M. Sølvberg

Arne M. Sølvberg vann i 1996 Spellemannprisen i klassa Folkemusikk/ Gammaldans for plata Nordfjordslåttar. I 1994 fekk han Stryn kommune sin kulturpris. I 1990 vart han nominert til Spellemannprisen 1990 for plata Syngjande strenger saman med gitaristen Øyvind Lyslo som også er med i Ensemble NordLys.

 

 

 

 

 

 

 

 

Oddgeir Bruaset…    : forteljar
Arne M. Sølvberg….  : fele og hardingfele
Øyvind Lyslo………    : gitar
Synnøve Nordvik…    : song
Håvard Nordvik……    : trompet og flygelhorn
Dorothee Raschwitz..  : piano og orgel
Jakob Leiv Kroken…    : kontrabass og elbass
Thomas Aanonile…    : perkusjon og melodisk slagverk
Øystein Eide………..    : Lyd&Lys – teknisk
 

Til toppen