Adventsnattiné i Sandane kyrkje

Adventsnattiné i Sandane kyrkje

Adventsnattiné. Medverkande: Lovsongsgruppa i Gloppen sokn.

Dato
8. desember 2024
Tid
20:00 - 21:00
Stad
Sandane kyrkje

I følgje Det Norske Akademis Ordbok er ein «nattiné» ei spøkefull nydanning til ordet «matiné», påverka av natt. Ein «nattiné» er såleis offentleg kunstnarisk underhalding, som startar ved midnatt.

Det vart arrangert Adventsnattiné i desember i fjor og fleire gongar tidlegare. Lovsongsgruppa held fram med tradisjonen og ynskjer publikum velkomne til ei songstund på kveldstid i Sandane kyrkje søndag 08.desember. Vi startar ikkje ved midnatt, men kl.20.00 og held på ein god time. Det vert mykje allsong frå eit allsidig advents- og julerepertoar, litt nedtona og til ettertanke, opplesing og nokre songframføringar. Vi pyntar med levande lys, brukar levande musikk og skaper ei god førsjulsstemning.

Vi blir glade om du vert med på å synge oss inn mot jul!

Velkomne til Adventsnattiné!

Til toppen