Konsert i Vereide kyrkje

Konsert i Vereide kyrkje

Konsert med Carl Petter Opsahl og Nordfjord prosjektkor med band. Jazz og gospel frå New Orleans. 

Arrangør: Nordfjord folkehøgskule.

Dato
3. november 2024
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Vereide kyrkje

Nordfjord prosjektkor er eit pop-up-kor for alle som likar å synge. Koret bevegar seg innan ulike sjangrar kristen musikk, med hovudvekt på gospel. Det har hatt fleire prosjekt over mange år. Koret vert akkompagnert av fast band (Morten Leirgul, Vegard Tennebø, Jakob Leiv Kroken m.fl.) og arrangerer denne gongen konsert saman med klarinettisten Carl Petter Opsahl.

 

Som musikar er Carl Petter ein merritert klarinettist med mange prosjekt på gang. Han spelar mellom anna i Caledonia Jazzband og har spelt inn både jazzmusikk og folkemusikk. Carl Petter er open når det gjeld alle typar musikk. Han seier sjølv: "Music for life er mitt motto. Musikken jeg skriver og spiller er inspirert av livet, samtidig som musikken er mitt liv. Musikk er avkobling, lek, et eksistensielt frirom – men også dypt alvor, noe av det mest umistelige i mitt liv." Han har budd i USA og er æresborgar av New Orleans. Difor kjenner han svært godt til jazzmusikk og gospel. 

For mange år sidan var han i Gloppen og spelte og leia "Blå messe" i Sandane kyrkje, noko som vart ein stor suksess. No kjem han til Gloppen på nytt, øver saman med Nordfjord prosjektkor med band den første helga i november og framfører musikken i Vereide kyrkje søndag 03.november kl.18.00. Velkomne til ein gospeljazzig og spennande konsert med eit fyrverkeri av ein musikar frå Oslo! 

Til toppen