Workshop i improteater

Workshop i improteater

Er du nysgjerrig på teater?  Glad i ein god latter og ting som er morosamt?  Eller kanskje er du erfaren på teaterscena, men gira på å utvikle deg enda meir? 

-Då bør du bli med på gratis workshop i improteater i haustferien!

Tidspunkt
Tysdag 08.10.2024 09.00 - fredag 11.10.2024 14.00
Stad
Trivselshagen

Teaterinstruktørane Jenny Lysholm Daviknes og Bendik Sjømæling Nordgaard arrangerer workshop innan teatersport og improteater. I samarbeid med dramalinja på Firda vgs skal dei gje deg ein unik workshop full av humor, kreativitet, spontanitet og grunnleggande sceneteknikk

Vi inviterer til dagar der du vil oppleve meistring på scena på eit heilt nytt nivå. Her vil du ikkje berre lære om det å bli trygg i å stå på scena, men også få nye bekjentskap på tvers av skular, klasser og bygder.

Når tid?

Tysdag 8. oktober - fredag 11. oktober

Kven kan bli med?

Invitasjonen går til alle som går i i 8. klasse - 2. klasse på vgs i heile Sogn og Fjordane. 

Meld deg på

Send namn, alder, telefonnummer + namn på føresett til jenny.daviknes@gmail.com

Ver rask - dei fyrste 20 får plass! 

Arrangør

Fleire arrangørar
Til toppen