Folk Flest

Folk Flest

Den populære Lustragruppa Folk Flest kjem også i år til Sandane-dagane, og håpar på fullt hus på dette tradisjonsrike arrangementet.

Dato
16. august 2024
Tid
19:30 - 21:00
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Dei står på scena i Trivselshagen fredag 16. august, og kjem nok garantert også denne gongen til å begeistra sitt trufaste publikum med sin country- og irskinspirerte musikk, som er garanti  for gåsehud, rockefot og høg allsangfaktor!! I år er det også mykje nytt på repertoaret i forhold til i fjor.

Med Sogn si eiga sangstjerne, Einar Bolstad, i front, får publikum høyra både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidsepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, ispedd norske perler.

«Folk Flest» hadde «premiere» våren 2016. Sidan då har bandet spela for stappfulle kulturhus, på festivalar og andre arrangement, og fått strålande tilbakemeldingar. Bl.a frå Trollrock, Bergtattfestivalen, Jordeplerock, Norsk Countrytreff og Sogndal kulturhus.

På konserten i kultursalen på Sandane 16. august har dei også med seg ein gjesteartist; Jon Martin Skauge, også kjend som ein av Norge sine beste gitaristar. Han er ein multikunstnar i musikken si verd, i tillegg til at han er arrangør og plateprodusent. 

Så ta turen til Trivselshagen denne fredagskvelden i august, og bli med på ei flott, musikalsk reise med Folk Flest og Jon Martin Skauge.

Billettar finn du her

P.S. Gloppen Hotell arrangerer dans med Jon Martin Skauge etter konserten.

Einar Bolstad: sang, akustisk gitar, piano
Renate Skophamar Stuppelshaug: sang, ak. gitar 
Mathilde Skjæret: fele, kor 
Tor Magne Kvamsdal: mandolin,  steel-gitar, el,gitar 
Lars Berge Pedersen: banjo, el. gitar, ak,gitar 
Jan Frode Hellebø: bass 
Arve Lomheim: trommer

 

 

Jon Martin Skauge

 

 

 

Arrangør

Sandanedagane
Til toppen