Verda og vi: Erika Fatland

Verda og vi: Erika Fatland

«Sjøfareren. En reise gjennom Portugals tapte imperium»

Dato
26. november 2024
Tid
20:00 - 21:30
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Erika Fatland er forfattar og sosialantropolog. Ho debuterte med barneboka Foreldrekrigen i 2009 og blei brageprisnominert for sakprosaboka Englebyen (2011). Sidan har ho mellom gitt ut reiseskildringane Sovjetistan (2014), Grensen (2017) og Høyt (2020). Ho har motteke Bokhandelens sakprosapris, Wesselprisen, Bokblogggerprisen og den italienske Kapuściński-prisen og bøkene hennar er utgitt i 27 land.

I den siste boka si, Sjøfareren, tek Fatland oss med i kjølvatnet til dei portugisiske oppdagarane. På 1400-tallet sette Henrik Sjøfararen fart i dei prosessane som skulle føre til at Ferdinand Magellan, Vasco da Gama og andre sjøfolk opna verdshava. 

I nokre land Fatland besøker er den portugisiske påverknaden noko som høyrer fortida til, med få og vage spor. Andre stader har tidsvitne det portugisiske styret friskt i minnet, med all brutaliteten og utnyttinga. Borgarkrig og uro er gjerne direkte følgje av det maktvakuumet som oppsto då koloniherrane brått trekte seg ut.

Gjennom Fatland si forteljing kjem vi nær dei mange menneska ho møter undervegs, på øyar utanfor Guinea-Bissau, i den rike oljenasjonen Angola, i Amazonas og Malaysia og på Sri Lanka.

Billettar finn du her

Tine Poppe

Arrangør

Verda og vi
Til toppen