Gloppen musikkfest

Gloppen musikkfest

Gloppen Musikkfest går av stabelen fyrst i september med folkesongar og samtidsmusikar Unni Løvlid i front! 

Tidspunkt
Onsdag 04.09.2024 18.00 - laurdag 07.09.2024 23.00
Stad
Kultursalen i Trivselshagen

Ho har også med seg ein stor gjeng studentar frå folkemusikkstudiet på Norges Musikkhøgskole som vil sette preg på både festivalkonsertane og alt der imellom. Vi verkeleg kan love eit spanande spenn mellom folkemusikken og den klassiske kammermusikken!

De får gjennom festivalveka høyre ein fantastisk stryketrio beståande av Audun Sandvik (cello), Ida Klokk-Bryhn (bratsj) og Liv Hilde Klokk-Bryhn (fiolin). Vokaltrioen Hekate, som består av Synnøve Plassen, Silje Liahagen og Malin Alander, skal få publikum til å danse opningskvelden. vil få oppleve den relativt ferske Bergen pianotrio - som  består av unge fremadstormande musikarar som faktisk alle har vore deltakarar på Startgropa tidlegare. Disktriktsmusikarane i Sogn og Fjordane skal med som vanleg sette sitt preg på veka, denne gongen i ein stor felleskonsert i kultursalen saman med dei andre festivalmusikarane. Deltakarar i årets Startgropa kjem! Det vert konsert med Gloppen demenskor, samtalar, salmekonsert og meire til. Som vanleg samarbeider vi tett med både kulturskulen og Firda - i tillegg til andre lokale musikarar. Det blir Beethoven, Mozart, Biber, Bach, Brahms… og overraskingar. Mykje å gle seg til!

Hovudkonsertane går føre seg i Trivselshagen og i Vereide kyrkje.

Festivalpass

Billettar til alle konsertar

Arrangør

Gloppen Musikkfest
Adresse
Valborgkleiva 15
Postnummer og stad
6823 Sandane
Til toppen