Gloppen sin 1000-årsstad, kommuneblome og kommunestein

Visste du at...

Gloppen sin 1000-årsstad - heradsplassen

I samband med tusenårsskiftet mellom 1999 og år 2000 skulle alle kommunane i landet plukke ut sin 1000-årsstad. Valet i Gloppen var relativt enkelt: Heradsplassen, som er namnet på plassen mellom heradshuset og bygget der mellom anna Sparebanken Sogn og Fjordane held til. Heradsplassen er eit trafikkfritt område med leikeplass, fontene og sitjeplassar, og ikkje minst skulpturen av Tankeringen.

Kommuneblomst - Kvitveis

Etter opptakt frå Hageselskapet i Sogn og Fjordane i 2008 vart alle kommunane i fylket oppmoda til velje seg ein kommuneblomster.Gloppen valde kvitveisen eller kvitsymra som vår kommuneblome, og hageselskapet godkjende dette. Arbeidsgruppa som gjorde framlegg om kvitveisen la vekt på at dette er den første blomsteren som kjem om våren og at vi alle frydar oss over kvitveisen.

Kommunestein - Kvartskifer

Kommunesteinen til Gloppen er kvartskifer. Bergarten blir mykje brukt som skiferheller, og i Gloppen er fleire steinbrot i drift ved Breimsvatnet som tek ut nettopp kvartskifer.  Det er fylkeskommunen som har plukka ut steinsortane for kvar kommune.