Stuntmannen Colt Seavers (Gosling) har trekt seg tilbake frå filmbransjen etter ei stygg ulykke under eit opptak. Han blir lokka tilbake når ein storstilt blockbuster skal gå i produksjon, regissert av hans tidlegare flamme, Jodi (Blunt). Då filmen si stjerne brått forsvinn, blir Colt vikla inn i eit nettverk med tvilsame gangstere han elles aldri ville sett foten i.