Kunngjering av planvedtak - mindre endring av reguleringsplan for ÅSEN BUSTADFELT (ÅSEN B)

Samfunnsutvalet vedtok mindre endring i møte 15. oktober 2026.

SAMF- 073/26 Vedtak
Med atterhald om formannskapet si godkjenning av avtale om sal vedtek samfunnsutvalet i Gloppen med heimel i pbl. §12-14 ei lita endring av reguleringsplan for Åsen bustadfelt, som inneber at om lag 150 m2 regulert leikeområde blir endra til bustadformål. Vedtaket er grunngjeve med at dette er ei praktisk tilpassing til topografi og faktisk bruk, og ikkje inneber reell omdisponering av areal brukt til eller eigna til leik.

Samrøystes vedteke

Den vedtekne endringa av reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Grunneigarar og andre er varsla ved brev, og planvedtaket vil bli kunngjort i Firda Tidend.

Saksdokument

Alle saksdokumenta er tilgjengeleg her:

Møte i samfunnsutvalet 15.10.2026 sak 073/26

Plandokumenta vil òg vere tilgjengelege i kommunen sitt digitale planregister og kartløysing på nett innan kort tid: Planregister for Gloppen kommune

Eventuell klage

Vedtaket kan klagast på til Statsforvaltaren. Fristen for å klage er tre veker frå melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29. 

Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal sendast til Gloppen kommune via sikker digital post (eDialog), per e-post til postmottak@gloppen.kommune.no, eller per post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.