Gloppen kommune har i Strategisk næringsplan 2025–2033 vedteke å arbeide for utvikling av cruiseturisme. Hovudformålet med forstudien var å vurdere dei samfunnsmessige konsekvensane av ei vidare satsing på cruise.
Anbefaling i rapporten
Mimir AS har vurdert tre scenario for ei vidare satsing på cruise i Gloppen:
- Scenario 0+: Vidareutvikling av dagens tenderanløp
- Scenario 1: Fast kai for større skip og høgare volum
- Scenario X: Mindre kaianlegg retta mot små og mellomstore skip i ekspedisjons- og high end-segmentet
Anbefalinga i rapporten er at Gloppen bør satse systematisk på ei vidareutvikling av dagens tenderanløp (scenario 0+), og at cruise bør utviklast i samanheng med det landbaserte reiselivet, med mål om eit kvalitetsbasert vertskap. Forstudien viser at denne utviklinga er mest i tråd med lokale planar, innbyggjarane sine ønskje og Gloppen sin kapasitet.
Les rapporten her (PDF, 7 MB)
Har du kommentarar til rapporten?
Gloppen kommune ønskjer å høyre kva innbyggjarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar meiner om anbefalingane i rapporten.
Uttalar til rapporten må merkast med saksnr. 25/2651, og kan sendast på følgjande måtar:
Vi gjer merksam på at uttalar vil vere offentlege. Både rapporten og uttalane vil bli lagt fram som kunnskapsgrunnlag for vidare politisk behandling.
Frist for å sende uttaler til rapporten er 20. november 2026.