Korleis skal Vestland fylke utvikle seg dei komande åra? To viktige planar er på høyring

I to nye regionale planar foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra. No er planane på høyring, og du kan seie meininga di fram til 1. november.

– No er vi komne til punktet der forslaga til dei to regionale planane ligg klare. Kvar skal vi bu og byggje, korleis skal vi binde fylket saman, og korleis sikrar vi at folk har kompetansen arbeidslivet treng? 

Dette er val vi må ta saman, og no vil eg at kommunar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar i heile Vestland seier kva dei meiner, før vi set den endelege kursen, oppmodar fylkesordførar Jon Askeland.

Kort om planane

Regional plan for verdiskaping og kompetanse 

Planen set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi. Planen har eit breitt næringsperspektiv og omfattar mål og strategiar for innovasjon, omstilling og verdiskaping på tvers av sektorar, bransjar og næringar.

Regional plan for areal og mobilitet 

Korleis skal vi bruke areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er eit godt stad å bu og drive næring. Eitt av dei seks hovudgrepa i areal- og mobilitetsplanen er eit prioritert hovudtransportnett. Målet er eit trygt og påliteleg transportsystem som bind fylket saman og støttar både kvardagsreisene våre og transportbehova til næringslivet. 

Samtidig skal bustader, arbeidsplassar, tenester og transport sjåast meir i samanheng. Tanken er at 11 sterke regionsenter skal sikre tilgang til arbeidsplassar og tenester og bidra til busetjing og verdiskaping også i kommunane rundt.

Informasjonsmøte 16. september

Vestland fylkeskommune arrangerer digitalt informasjonsmøte i samband med høyringa 16. september kl. 08.30–10.00. 

Informasjon om møtet her

Kven kan kome med innspel?

Kommunar, lag- og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vere med og påverke planane. Fylkestinget skal vedta dei endelege planane i mars, etter å ha gått gjennom alle innspel som kjem inn. Hugs fristen 1. november!

Meir informasjon

Fullstendig informasjon om planane, og lenke til høyringsskjema finn de på Vestland fylkeskommune si nettside