Kulturprisens hovudformål er å løfte fram eit rikt kulturliv i Gloppen gjennom å takke for varig, ueigennyttig innsats for kulturlivet i kommunen og heidre talentfulle utøvarar med tilknytning til Gloppen. Prisen skal dessutan vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre.
Sjå retningslinjer for Kulturprisen her.
Prisen har to målgrupper
- Eldsjeler som har lagt ned ein varig ueigennyttig innsats for kulturlivet i Gloppen
- Utøvarar med eit dokumentert talent og tilknytting til kommunen
Kultur inkulderer alle typar kunstutrykk, samt litteratur, kulturvern og idrett.
Forslag til kandidatar
Alle som ønskjer står fritt til å nominere kandidatar, men ein kan ikkje nominere seg sjølv. Forslaga skal gjerast skriftleg, og innehalde ei grunngjeving.
Det er Samfunnsutvalet som avgjer kven som får prisen. Utdelinga skjer vanlegvis på siste kommunestyremøtet før jul.
Vi har også eigen kulturpris for ungdom i Gloppen
Desse har tidlegare fått Gloppen kommune sin kulturpris
År | Tildelt |
2024 | Narve Eimhjellen |
2023 | Steinar Engelbrektson |
2022 | Eli Liv Aa og Ester Løvland |
2021 | Gloppen Sogelag |
2020 | Svein Hjellbakk |
2019 | Ola Nyhagen |
2018 | Atle Nygård |
2017 | Hanne Bergljot Oftedal |
2016 | Remi Tystad |
2015 | Arne Søholt |
2014 | Dag Fosstvedt |
2013 | Ingemar Sårheim |
2012 | Gloppen Janitsjar |
2011 | John Oddvar Kandal og Elin Grytting |
2010 | Sverre Folkestad |
2009 | Dagfinn Nyhammer |
2008 | Sigrid Terese Moldestad |
2007 | Odd-Bjørn Hjelmeset |
2006 | Hilde-Gunn og Ola Tormod Ommedal |
2005 | Kari og Nils Jordanger |
2004 | Svein Petter Tveit |
2003 | Per Sandal og Gunnar M. Tystad |
2002 | Kristen Moen |
2001 | Anders Rinde |
2000 | Kjell Råd |
1999 | Ragna Halvorsen og Oddlaug Vereide |
1998 | Irene og Dag Moen |
1997 | Kristen Arnestad |
1996 | Ove Eide |
1995 | Petter Eide |
1994 | Eivind Indrebø |
1993 | Einar Rygg og Ragnar Rygg |
1992 | Gloppen Jentekor og Ellen Johanne Mjelva |
1991 | Synneva Løken |