Spelemidlar fysisk aktivitet

Idrettslag m.fl. kan søkje om spelemidlar til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet som er opne for allmenn bruk.

  • Anlegg for idrett og friluftsliv kan få tildelt 1/3 av godkjent totalkostnad. 
  • Nærmiljøanlegg kan få tildelt 1/2 av godkjent kostnad.

Maksimal tildeling varierer ut i frå type anlegg. Meir informasjon om ulike anlegg: Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet  

Det er som regel fleire års ventetid på tildeling av spelemidlar, men også dette kan variere etter type anlegg.

Søknadsfrist

Fristen for søknader er 15. oktober.

Om de ser at de ikkje rekk fristen, ber vi om at de tek kontakt i god tid og melder at ein søknad er på veg. Dei som har søkt tidlegare og ventar på tildeling, må fornye søknaden kvart år.
 

Kommunal plan

Alle anlegg må vere med i gjeldande handlingsprogram i Kommunal plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Dette er ei prioritert liste over anlegg det skal søkjast om spelemidlar til. Kommunestyret vedtek lista kvart år, på desembermøtet. Då får dei info om kven som fekk tildeling sist, og kven som har søkt i denne runda. Dei skal prioritere ut i frå mellom anna behov, geografisk fordeling og kor mange år søknaden er godkjent. 

Det er ikkje lenger krav om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning frå kommunen for å kunne søke om spelemidlar. Vi anbefaler likevel søkarar om å orientere kommunen når de startar arbeidet med nye prosjekt. Dette er viktig for å sikre at prosjekta er innanfor rammene for spelemiddelordninga, og kunne gjere eventuelle justeringar i tide.

Søknad

Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema frå anleggsregisteret

Gå til anleggsregisteret.no

Spørsmål? 

Spørsmål om spelemidlar kan rettast til folkehelserådgjevar Åslaug Haugset

e-post: aslaug.haugset@gloppen.kommune.no eller
telefon: 91 00 61 82 (tys, tors og fredag)