Særprega hus i Sandane sentrum

Tettstaden Sandane

Tettstaden Sandane vaks fram i møtepunket mellom landevegen frå sør og sjøvegen ut fjoreden til Ytre Nordfjord og Bergen.

Den gamle folkevegen frå Breim og Jølster over Eide enda i Ødvenfjera, der jektene la til ved Laberget for å losse varer og ta om bord landbruks- og skogsprodukt som bøndene skulle selje.

I løpet av dei siste 60-70 åra har Sandane sentrum blitt utvida mot sør, med Heradshuset, Gloppens Sparebank og handelsverksemder som nytt tyngdepunkt.
Heradsplassen, der det tidlegare var biltrafikk, har blitt hjartet i Sandane sentrum, og ein samlingsplass for større utandørs arrangement.

Skilting av 14 særprega hus

I 2019 vart 14 særprega hus i Sandane sentrum skilta. Ei gruppe på fem personar, Ola Nyhagen, Ingrid Denk, Ove Eide og Sverre Folkestad frå Gloppen Sogelag, og Birte Fossheim frå Gloppen kommune, stod for skriving av tekst og utveljing av bilde.
Prosjektet er no vidareført med eit hefte med fleire bilde og meir tekst. I heftet er det også teke med korte tekstar om utviklinga av Sandane sentrum og Heradsplassen. Heftet er på 48 sider, og kan kjøpast på Norli bokhandel på Sandane.
 

Oversiktskart

Den historiske vandringa er lagt opp som ein tur gjennom Sandane sentrum, med start og slutt på Heradsplassen

Særprega hus på Sandane - historisk vandreløype Gloppen Sogelag
  1. Heradsplassen
  2. Heradshuset
  3. Firdatun
  4. Fjæra
  5. Gloppens Sparebank
  6. Gloppen Hotell
  7. Øyna
  8. Firda vidaregåande skule
  9. Holvik gard
  10. Sandane bedehus
  11. Denkhuset
  12. Nyhagenhuset
  13. Flølohuset
  14. Ryssdalhuset
  15. Skarsteinhuseet
  16. Gullsmedhuset
  17. Mardalhuset
  18. Kobberstadhuset
  19. Ødvenhuset
  20. Hennestad