Kontaktpunkt ved lengre bortfall av straum og kommunikasjonNår verken internett eller telefon fungererI situasjonar der vi får langvarig bortfall av straum og/eller kommunikasjon (mobilnett) har vi tre ulike fysiske oppmøtestadar som vil ha tilgang til straum via agrregat, samt nødvendig og alternativt sambandsutstyr. Våre innbyggjarar må vite om følgjande kontaktpunkt om akutte behov oppstår:SandaneGloppen omsorgssenter, Gotavegen 68Legevakt er lokalisert herBreimBreim skuleLokal beredskapsgruppe og grendakontakter er etablert HyenHyen BrannstasjonLokal beredskapsgruppe og grendakontakter er etablertLangvarig større straumbrot i store delar av kommunenEtter fire timar straumbrot vil beredskapsaktørar vere tilgjengelige på oppmøtestadane. Her vil det likevel alltid bli skjønnsmessig vurdering av kvar situasjon.Bortfall av kommunikasjon (mobilnett)Etter ein time bortfall vil beredskapsaktørar vere tilgjengelige på oppmøtestadane.NB! mange mobiltelefonar har funksjonen WiFi Tale. Det er ein funksjon du kan aktivere på mobilen din og då kan du ringe og sende sms over eit WiFi nett i staden for via mobilnett. Dette finn du som regel under menyen for innstillingar på telefonen din. Sjå tips frå Telenor herHar du jaktradio?Still radioen din inn på Jakt 1I ein situasjon der vi har langvarig bortfall av straum og/eller mobilnett vil ein kunne kome i kontakt med kommunen, og andre på kanelen Jakt1. Publisert 02.02.2024 13.45