Startlån
Dersom du ikkje får lån i private banker, kan startlån frå kommunen kanskje vere ei aktuell låneordning for deg til å skaffe ein nøktern bustad for husstanden eller bli buande i ein slik bustad.
Målgruppa er mellom andre barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne og dei som skal etablere seg for fyrste gong.
Du treng ikkje ha eigenkapital, lånet kan dekke heile kjøpesummen, men du må ha nok inntekt til å dekke utgiftene på lånet, i tillegg til andre nødvendig utgifter.
Det er kommunen som behandlar søknaden din, avgjer om du kan få lån, og bereknar kor stort lån du kan betjene over tid.
Kvar sak vert individuelt vurdert, og også helsemessige, sosiale eller funksjonsmessige forhold kan spele inn. Du må vere busett i Gloppen kommune for å vere i målgruppa.
Lånet er gjennom Gloppen kommune, men du må søkje via Husbanken si nettside.
Husbanken: Informasjon og søknadskjema her
Tilskot til tilpassing/ombygging av bustad
I nokre tilfelle kan du få tilskot frå kommunen, med eller utan startlån. Dette kan vere i tilfeller der du ikkje får nok lån til å kjøpe bustad, om du har behov for ombygging på grunn av nedsett funksjonesvne eller treng profesjonell hjelp til å planlegge ombygging
- Tilskot til etablering
- Tilskot til tilpassing
- Tilskot til utredning og prosjektering
Husbanken: Informasjon og søknadskjema her
Retningslinjer
Tilskot og startlån er behovsprøvd. Gloppen kommune nyttar forskrift frå Husbanken ved vurdering av søknadar
Lovdata: Forskrift om startlån frå Husbanken
Lovdata: Forskrift om lån frå Husbanken, kapittel 5, Startlån
Slik kjem du i gang
Ta fyrst kontakt med kommunen for ei uforplikta samtale om lån og tilskot. Vi hjelper deg å vurdere om dette er aktuelt for deg.
Vidare kan vi hjelpe med søknaden, men du må sørge for å få på plass nødvendige vedlegg som skal følgje søknaden.
Det er ingen søknadsfrist.
Kontaktperson i kommunen
Kontaktperson for startlån og tilskotsordningar i kommunen er Steinar Kandal.
Ring Gloppen kommune sitt sentralbord - 57 88 38 00 - så formidlar vi kontakt.