Kva tilbyr vi?
Korttid - og rehabiliteringsopphald
Er eit målretta og tidsavgrensa institusjonsopphald. Tilbodet er til personar som treng hjelp til rehabilitering/habilitering og utredning. Målet for opphaldet vil vere å kunne oppretthalde og betre funksjonar som er viktige for å klare seg i eigen heim.
Under opphaldet vert ein fulgt opp av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og lege. Ved rehabilitering føl også fysioterapeut og ergoterapeut opp.
Avlastningsopphald
Er eit tidsavgrensa opphald i institusjon. Målet er å gje den pårørande i heimen avlastning ein periode.
Langtidsopphald
Ved skjerma avdeling er eit tilbod til pasientar som har ein moderat til alvorleg grad av demens. Ved søknad vert det lagt vekt på pasienten sitt behov for eit terapeutisk og skjerma miljø. I enkelte tilfelle kan det verte tildelt korttidsopphald ved skjerma avdeling.
Opphald vert tildelt etter søknad og vurdering av vedtaksnemnd. Før det vert tildelt plass, skal det vere prøvd ut heimetenester.
Kven kan søke om tenesta?
- Personar som treng tett medisinsk oppfølging, er alvorleg sjuke eller som er avhengig av kontinuerleg hjelp for å ivareta grunnleggande behov
- Personar som treng aktiv behandling/rehabilitering
- Personar som treng hjelp og omsorg ved livets slutt
- Pårørande med særskilt tyngjande omsorgsoppgåver kan søke om avlastningsopphald
Kva kostar det?
Det er eigenbetaling på korttidsopphald og rehabiliteringsopphald etter statlege satsar.
Slik søkjer du
Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Skriv du kva du treng hjelp til i søknaden.
Gå til søknadskjema helse og omsorgstenester
Har du spørsmål?
Kontakt oss
Ring sentralbordet 57 88 38 00 så set vi over til avdeling eller leiar.
Du kan også ringe til ansvarsvakt-telefonen på omsorgssenteret/ 1. etg. : 95 85 04 69
Kontaktinformasjon Gloppen kommune