Føresette har ansvar for
- at skulen / barnehagen / SFO får medisinen barnet skal bruke i skuletida / barnehagetida, saman med legemiddelkort og eventuell instruks for akuttbehandling / anfallsbehandling
- at aktuelt personale på skulen / barnehagen / SFO har fått nødvendig opplæring. Føresette kan be helsepersonell ta seg av opplæringa når det er nødvendig
- at medisinansvaret blir overlate skriftleg til namngitte personar i skulen / barnehagen / SFO
- å levere oppdatert legemiddelkort ved endring av dosering / medisinering
- at skulen / barnehagen / SFO kjenner til barnet sin sjukdom og kva som evt kan hindre anfall eller dårleg regulert sjukdom
Rektor/styrar har ansvar for
- at instruksen er kjend for personalet, og må takast opp årleg i personalgruppa
- at foreldre får informasjon om rutinane kring medisinbruk i skule / barnehage / SFO.
- at informasjon vert gitt ved skulestart, og til alle nye elevar / barn
- at namngitte personar tek på seg ansvaret for einskildelevar
- å informere personalet om at dei kan reservere seg mot å utføre legemiddelhandtering
- at det blir utarbeidd lokale prosedyrar for gjennomføring, oppbevaring av medikament m.m.
Personalet v/ kontaktlærar har ansvar for
- å sette seg inn i barnet si legemiddelhandtering, og sikre seg at alle aktuelle opplysningar er mottekne
- å kvittere ut medikament som blir delt ut
Innlevering av medisin
Føresette leverer inn medisinen mandag morgon for ei veke om gongen. Tablettar / kapslar skal leverast i eigen dosett som berre inneheld medisin som skal leverast ut i skuletida/barnehagetida/SFO tida. Dosetten skal vere merka med eleven sitt namn, legemiddeltype og doseringstidspunkt. Legemiddel som ikkje kan leverast i dosett, t.d. astmaspray, insulinpenn, mixtur, kremar o.l. skal leverast i orginalembalasje og vere godt merka med barnet sitt namn og dosering, og det skal følgje med bruksrettleiing (pakningsvedlegg).
Utlevering av akuttmedisin / anfallsmedisin
Dersom barnet kan få bruk for legemiddel ved anfall eller i akuttsituasjonar, skal føresette levere med eigen instruks om korleis medisineringa skal gå føre seg og kva tiltak som ellers må setjast i verk. T.d. om når lege skal kontaktast. Føresette skal alltid ha melding når anfallsmedisin / akuttmedisin er gitt.
Legemiddel utan resept
Barn som sjølv har ansvar for eigen medisin, kan ha med reseptfrie legemiddel for ein dags bruk i sekken. Andre barn må levere medisinen til lærar / førskulelærar, og fullmakter og utlevering skje som ved fast medisinering. Personalet på skulen / barnehagen / SFO kan ikkje levere ut reseptfrie medisikament til elevar / barn utan løyve frå føresette.
Ved flytting eller overgang mellom barnehage/skule
Ved flytting eller overgang frå barnehage til skule eller overgang til annan skule/barnehage, er det foreldra sitt ansvar å informere den nye skulen/barnehagen om barnet sin sjukdom og medisinering.
Ansvar i samband med turar og overnattingar
Når ein skal på turar som strekkjer seg utover skuletida/barnehagetida, må ein inngå særskilte avtalar. I nokre tilfelle vil barnehagen/skulen be foreldra vere med, eller eventuelt at dei skaffar nokon som kan vere med for å ivareta medisineringa