Forskrift om skule- og feriedagar 2027-2028 i Gloppen kommune

Vedteke av: Helse- og oppvekstutvalet

Dato: 2. september 2026

Sak: 042/26

Heimel: Opplæringslova 9. juni. 2023 nr. 30 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 14-1 andre ledd.

§ 1 Føremål og verkeområde 

Forskrifta gjev informasjon om kva skule- og feriedagar elevane har skuleåret 2027-2028. Elevane har rett og plikt til å møte på dei fastsette skuledagane. Forskrifta gjeld for elevar ved alle grunnskulane i Gloppen kommune skuleåret 2027-2028. 

§ 2 Skule – og feriedagar skuleåret 2027-2028

Tabell for skuleruta:

Skuleruta 2027-2028
MånadHendingTal skuledagar
AugustFyrste skuledag 16. august12
September22
OktoberHaustferie 11.-15. oktober (v. 41)16
NovemberElevfri/planleggingsdag 5. november21
DesemberJuleferie 22.-31. desember15
JanuarFyrste skuledag: 3. januar21
FebruarVinterferie 21.-25. februar (v. 8)16
Mars23
AprilPåskeferie 9.-17. april14
Mai1. mai Off. høgtidsdag - 17. mai Grunnlovsdag - 25. mai Kristi himmelfartsdag - 26. mai Elevfri dag19
Juni5. juni andre pinsedag - Siste skuledag 16. juni11
SUM190

§ 3 Lokale variasjonar 

Skulane kan gjere unntak frå § 2 om skule- og feriedagar i særlege tilfelle, til dømes grunna skuleturar. 

§ 4 Iverksetjing og opphøyr 

Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2027 og opphøyrer 30. juni 2028.