Årets gloppar

Prisen skal gå til ein person som har utøvd ekstraordinær innsats som byggjer opp under Gloppen kommune sine felles verdiar, mål og visjonar for framtida. Prisen skal i tillegg vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre. 

Årets gloppar er ein person som har utmerka seg i positiv forstand i heile Gloppen, eller i eitt eller fleire av lokalsamfunna våre, spesielt gjennom det siste året. Gjennom sin innsats har vedkomande bidrege til å bygge opp under våre felles verdiar, mål og/eller visjonar. 

Prisen kan delast ut til einskildpersonar med tilknyting til Gloppen. Prisen kan ikkje delast ut til tilsette i offentleg sektor som har ytt denne innsatsen gjennom sitt virke. 

Administrasjonen og utdelinga av prisen er lagd til Formannskapet. Her kan du sjå retningslinjene for prisen  

Kven har fått prisen tidlegare? 

Årets gloppar
ÅrTildelt
2022Evangeline Sessford
2021Pieter Koopmans
2020Ikkje utdelt
2019Torstein Kollevåg
2018Kristine Ryssdalsnes Horvli
2017Tor Øyvin Aa
2016Gunhild Skinlo
2015Anders Felde
2014Jesper Melin Ganc-Petersen