Retningslinjer for standard på veg-, vass og avløpsanlegg som skal overtakast av Gloppen kommune

Vedtekne av kommunestyret den 25. september 2006.

Retningslinjene blir forvalta av leiaren for kommunalteknikk.

Kap I Administrasjon

§ 1-1 Føremål
Desse retningslinjene inneheld dei krav Gloppen kommune stiller til veg, vatn- og avløpsanlegg (VVA-anlegg), og skal sikre ein minimumsstandard når kommunen skal overta anlegga for drift og vedlikehald.

§ 1-2 Verkeområde
Retningslinjene gjeld for alle kommunale og private anlegg som kommunen skal overta. Retningslinjene skal også gjelde for andre private anlegg som skal knytast til kommunalt anlegg.

Ved utbyggingsavtalar blir retningslinjene lagt til grunn for kravspesifikasjon.

§ 1-3 Unntak
Ved spesielle høve kan MULTEK-utvalet (1) gjere unntak frå retningslinjene. Alternative løysingar må dokumenterast som forsvarlege, og det kan bli kravd garanti for funksjonalitet.

(1) Endra av rådmannen etter ny utvalsstruktur.

§ 1-4 Vilkår for kommunal overtaking
Dersom kommunen skal overta VVA-anlegg, må følgjande vere oppfylt:

  • VVA- anlegget må vere bygd i samsvar med desse retningslinjene
  • All planlegging og utføring av VVA-anlegg skal utførast av føretak, godkjent etter gjeldande reglar gjevne i, - eller i medhald av, plan- og bygningslova.
  • Det må gjerast særskilt vedtak i teknisk, landbruk og kulturutvalet om overtaking.

Kap II Planmateriale/dokumentasjon

§ 2-1 Generelt
Rådgjevar/konsulent skal ha sentral eller lokal godkjenning for PRO/KPR i dei aktuelle fagområda.

Kommunen kan krevje framlagt dei utrekningane som er grunnlaget for val av dimensjonar, løysingar m.m.

§ 2-2 Krav til planmateriell
Ved søknad om kommunal overtaking av private anlegg, skal det gå klart fram kva anlegg som er omfatta av søknaden.

Planmateriale/dokumentasjon skal vere tilpassa prosjektet slik at alle nødvendige tekniske detaljar og løysingar kjem tydeleg fram.

Omfang av planmateriale/dokumentasjon skal avklarast med kommunen. Planmateriell for utbygging skal normalt som minimum innehalde:

  • Utbyggingsplan/reguleringsplan
  • Planteikning veg/VA
  • Lengdeprofil veg/VA
  • Kumteikningar
  • Grøftetverrsnitt
  • Evt. detaljering
  • Materialval
  • Mengde- og arbeidsbeskrivelse etter NS 3420, Statens vegvesen sin prosesskode eller etter mal for mengde- og arbeidsutgreiing som kommunen nyttar.

§ 2-3 Krav til teikningar
Målestokk: Målestokk skal veljast slik at det som skal presenterast kjem fram på ein god måte. Den valte målestokk skal førast på teikningane i tal og skala for måling ved opp- og nedkopiering. Val av målestokk skal normalt vere følgjande:

  • Oversiktsplan 1:5000 eller 1.2000
  • Situasjonsplan 1:1000 eller 1:500 eller 1:200
  • Lengdeprofil
  • horisontalt 1:1000 eller 1:500
  • vertikalt 1:200 eller 1:100
  • Tverrprofil 1:200 eller 1:100
  • Byggverk 1:100 eller 1:50 eller 1:20
  • Kum 1:50 eller 1:20 eller 1:10
  • Grøftetverrsnitt 1:20 eller 1:10
  • Detaljar 1:20 eller større

Revisjon av teikningar: Ved endring av teikningar etter at teikningane er datert, signert og godkjent skal revisjonen dokumenterast på teikning i revideringsfelt i tittelfeltet.

§ 2-4 Planføresetnader

1. Veg
Retningsliner for vegutforming og vegoppbygging er utarbeidd med heimel i Samferdsledepartementet sine forskrifter etter veglova § 13. Forskriftene gjeld alle offentlege vegar. Mynde til å fråvike vegnormalane innafor forskriftene sine rammer er tillagt MULTEK-utvalet (1).

(1) Endra av rådmannen etter ny utvalsstruktur.

Utforming av veg i Gloppen kommune skal ta utgangspunkt i Statens vegvesen sine handbøker 017, Veg- og gateutforming og 018, Vegbygging, med dei presiseringar som går fram av desse retningslinjene. Følgande planføresetnader skal gjelde:

  • Køyretøy L (lastebil) skal nyttast som dimensjonerande køyretøy for renovasjonsbil. LL (liten lastebil) kan aksepterast i vanskeleg terreng.
  • Snuplass for lastebil i blindveg skal dimensjonerast for type køyretøy L (lastebil).
  • I sentrumsområda skal vegar og gater ha standardklasse S3 (Samlegate) eller A3 (Adkomstgate). I bustadfelt skal vegar ha standardklasse A2 (Atkomstveg). Frittliggande gang- og sykkelvegar skal ha standardklasse GS2 eller GS1.
  • Vegar skal dimensjonerast for 10 tonn akseltrykk. Gang- og sykkelveg skal dimensjonerast for 10 tonn akseltrykk.
  • Køyrevegar skal normalt ha maks. stigning 1:10. I vanskeleg terreng kan det vurderast ei maks. stigning på 1:8.
  • Breidde og kurvatur skal vere i samsvar med reguleringsplan.
  • Avkøyrsle frå hovudveg skal utformast i samsvar med retningsliner utgjeve av vegdirektoratet den 16. juli 1964 "Avkøyrsler frå off. veg", sist endra i 2003.
  • Eventuelle tiltak mot støy skal planleggast i samråd med kommunen.
  • Eventuelle fartsdempande tiltak skal planleggast i samråd med kommunen.

2. Vatn- og avløp
Følgjande punkt skal gjelde ved planlegging av vatn- og avløpsanlegg:

Utrekning av vassforbruk:
For vassforsyning skal berekning av vassforbruk vere i samsvar med NS- EN 805.

Brannvassforsyning:
I tilknyting til busetnad med småhus skal uttak for brannvatn ha kapasitet på 20 l/s. Ved anna bygningsmasse skal kapasiteten vere 50 l/s fordelt på to uttak.

Ved utbygging av nye vassforsyningsanlegg skal det sikrast brannvassforsyning til sprinkleranlegg der dette kan bli kravd. Ved rehabilitering av gamle vassforsyningsanlegg skal det sikrast brannvassforsyning til sprinkleranlegg dersom dette er mogleg.

Dimensjonerande trykk i vassforsyning:
Statisk trykk i vassforsyninga skal vere min. 2 bar (20 mVs) og maks. 8 bar (80 mVs).

Transportsystem for avløp:
Nye kommunale avløpsanlegg skal byggjast som separatsystem, dvs. spillvatn og overvatn kvar for seg.

Plassering:
Leidningsanlegg skal leggjast slik at det er god tilkomst for drift og vedlikehald. Leidningstrasear skal i størst mogleg grad leggjast på offentleg grunn eller grunn som skal overtakast av det offentleg.

Der leidningane må leggjast på privat grunn kan kommunen krevje tinglyst avtale som gjev kommunen rett til å legge og ha liggjande leidningsanlegg, og drive vedlikehaldsarbeid av desse.

Sanering/rehabilitering:
Ulike metodar for sanering og rehabilitering skal vurderast og kalkulerast. Metode skal veljast ut frå stadlege omsyn og leidningen sin tilstand. I tettbygde strok skal dei samfunnsmessige kostnadene ved å grave opp ei gate trekkast inn i vurderinga ved val av metode dersom det ikkje er nødvendig å grave av andre årsaker.

Grunne leidningar:
Grunne leidningar kan vere aktuelt:

  • i friluftsområde der det på grunn av vegetasjonen ikkje kan drenerast djupe grøfter i grunnen
  • for å oppretthalde nødvendig fall på leidningane
  • av økonomiske omsyn ved at ein kan unngå sprenging i grøfta.

Dersom slike anlegg skal overtakast til kommunalt drift og vedlikehald, skal dette vere avklart med kommunen på førehand. Som grunnlag for kommunen si vurdering av slike anlegg skal det leggjast fram utrekningar som dannar grunnlag for dimensjonering og val av materiale.

Kap III Tekniske krav

§ 3-1 Veganlegg

1. Generelt
Utforming av veg skal vere i samsvar med Statens vegvesen sine handbøker 017, Veg- og gateutforming og 018, Vegbygging. Lokale tilpassingar skal avklarast med kommunen.

Toleransekrav skal vere i samsvar med NS 3420.

2. Underbygning og skråningar
Skråning/skjering i jordmassar:
Jordskråningar skal normalt ha helling 1:2, men må tilpassast erosjonstilhøve og stabiliteten til jordarten.

Skråning/skjering i fjell:
Fjellskjeringar skal normalt ha helling 5:1, men må tilpassast bergart, forvitring og oppsprekking.

Grunnforsterking:
Vegen skal fundamenterast til fjell eller fast grunn. Ved dårleg grunn skal det grunnforsterkast.

Bruk av lett materiale til grunnforsterkning eller bruk av fiberduk, jordarmering eller andre metodar vil vere avhengige av lokale forhold. Bruk av slike metodar skal byggjast på kvalifiserte geologiske vurderingar og skal godkjennast av kommunen.

Fyllingar:
Fyllingar skal normalt ha helling 1:2, men må tilpassast erosjons- og stabilitetstilhøva.

3. Vegfundament/overbygning
Filterlag:
Det skal leggjast ut filterlag når det er fare for at finstoff frå grunnen kan trenge opp i forsterkingslaget slik at dette blir telefarleg. Sand/grus og fiberduk kan nyttast.

Forsterkingslag:
Forsterkingslaget skal normalt byggast opp av sprengt stein, kult eller pukk. Sand og grus kan også nyttast.

Berelag:
Massane skal tilfredsstille kornfordelingskurve for berelagsgrus i samsvar med handbok 018.

Vegdekke:
Veg skal ha fast dekke.

4. Drenering av veganlegg
Stikkrenner:
Minimumsdimensjon på stikkrenner skal vere i samsvar med handbok 018. Det kan setjast krav om inntakskum for stikkrenne.

Dimensjonering av stikkrenner ved avrenning frå små felt (mindre enn 2-5 km2) kan gjerast ved bruk av den rasjonelle formel. Ved større avrenningsfelt skal dimensjonering utreknast særskilt.

Sluk med sandfang:
Drenering av veg mot sandfangskum. Sluk med sandfang skal ha køyresterk rist og fabrikkmontert utlaupstuss.

Sandfangskum skal ha dimensjon d= 650 mm. Dimensjon DN 160 mm på røyr frå sandfangskum.

Kumside, der dykkar/utløp er plassert, skal stå parallelt med vegkanten.

Drenering/drensrøyr:
Det skal normalt nyttast djupe sidegrøfter, men det kan og nyttast lukka drensgrøft.

I lukka drensgrøft skal det nyttast godkjende drensrøyr. Røyra skal leggjast med minimum fall 5 ‰.

Veggrøft:
Min. breidde veggrøft skal vere 0,75 m.

5. Kantstein
Kantstein skal vere i samsvar handbok 017. I kurver med radius mindre enn 8 m skal det nyttast kurvekantstein.

6. Belegningsstein, gatestein
Belegningsstein kan nyttast i sentrumsområde. Val av type, omfang o.l. skal avklarast med kommunen.

7. Mur
Det skal normalt nyttast naturstein i støttemurar for veg. Andre typar murar, t.d. betongelement, kan også nyttast. Dette skal avklarast med kommunen. Hellinga skal vere maks. 5:1.

Det blir vist til Byggdetaljblad A 517.342, Store støttemurer, og A 517.341, Små skille- og støttemurer. Statens vegvesen sin prosesskode, hovudprosess 7, kan også leggjast til grunn.

8. Rekkverk, ledegjerde
Rekkverk/ledegjerde skal avklarast med kommunen. Detaljløysingar og estetiske omsyn skal ivaretakast.

9. Veg- og gatelys
Nye veglysanlegg skal ha fabrikat og oppbygging som dei andre kommunale veglysanlegg av omsyn til reservedelslager, d v s at det skal normalt nyttast ferdigfundament med boltesett c-c 160 mm og deksel til ferdigfundament. Master/armatur skal vere pulverlakkert, fargeval skal avtalast med kommunen.

Veglysanlegg skal vere plassert slik at anlegget kan driftast og haldast vedlike med det utstyret kommunen disponerer. Tilkomst til anlegget eller delar av anlegget som ligg på privat grunn kan kommunen krevje sikra med tinglyste erklæringar.

I målarskap skal det monterast straummålar og tidsur for fotocellestyring.

10. Kabelanlegg
Kabel skal plasserast på sida av VA-leidning i grøfta.

11. Skilting og oppmerking
Skilting og oppmerking skal vere utført i samsvar med godkjent skilt- og oppmerkingsplan før overtaking.

12. Bruer
Statens vegvesen si Handbok 100, Bru-prosjektering, skal nyttast.

§ 3-2 Vatn- og avløpsanlegg

1. Generelt
Utforming av VA-anlegg skal vere i samsvar med NKF og NORVAR sine VA/Miljø-blad, med dei fråvik/tillegg som er føreteke av kommunen. Toleransekrav skal vere i samsvar med NS 3420.

Med avløp er det meint både spillvatn og overvatn.

2. Krav til minimumsdimensjonar
Vatn:
Vassleidningar med krav til brannvatn skal ha dimensjon min. 160 mm.

Avløp:
Krav til min. dimensjon for avløpsleidning er 110 mm i bustadfelt og 160 mm for hovudstammar.

Dimensjonering av avløpsleidningar skal avklarast med kommunen der norma ikkje er dekkande.

Sjølvfallsleidningar skal leggast med min. fall på 5 ‰. Ved mindre fall skal sjølvreinsing dokumenterast ved skjerkraftsberekningar.

3. Brannvatn
Det er sett følgjande krav til brannvatn i nye utbyggingsområde:

  • Det skal nyttast brannhydrantar.
  • Minimumsdimensjon for hovudleidning som fører til brannvassuttak er 160 mm.
  • Minimumsdimensjon på greinleidning frå hovudleidning til brannhydrant er 160 mm.
  • Det skal leggjast til rette for drenering av brannhydrant.
  • Avstanden mellom brannhydrantane skal ikkje overstige 200-300 m.
  • Brannhydrant skal avpassast til terrenghøgd, og den skal stå skjerma mot trafikk.
  • Det skal nyttast regulerbar hydrant av typen Danfoss Esco eller tilsvarande, teleskopisk type 2. Det kan nyttast brannkum i enkelte tilfelle.

4. Grøfter
Generelt:
Leidningsgrøfter skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 4 "Grøfteutførelse for fleksible rør" og nr. 5 "Grøfteutførelse for stive rør" med dei presiseringar som går fram av norma.

Tryggleik i grøft og graveskråningar, jfr. Arbeidstilsynet sine forskrifter.

Leggjedjup, overdekning og frostsikring:
Alle leidningar skal, der det er praktisk og økonomisk mogleg, leggjast på frostfri djupn. I Gloppen kommune er frostfri djupn ved overdekning på 1,5 m på hovudleidningar og 1,5 m på stikkleidningar. Maksimal overdekning skal ikkje overstige 2,5 m.

Ved for lita overdekning skal leidningane frostsikrast. Ved isolering skal det nyttast godkjent markisolasjon av typen ekstrudert polystyren (minimum 38 kg/m3, 5 cm tjukk).

Bruk av preisolerte/frostsikra VA-anlegg skal avklarast med kommunen.

Leidningsfundament og botnforsterking:
Leidningane skal fundamenterast på sjølvkomprimerande, knuste massar med kornstorleik 8-22 mm.

Sidefylling/beskyttelselag:
Som sidefyllingsmassar skal det nyttast sjølvkomprimerande knuste massar med kornstorleik 8-22mm.

For betongleidningar kan det brukast massar med kornstorleik opp til 100 mm.

Tilbakefylling:
Tilbakefylling til grøfta over leidningssona skal, når ikkje anna er nemnt, utførast med gravemassar.

Der grøfta går i veg eller fortau, skal tilbakefyllingsmateriale og komprimering tilfredsstille spesifikasjonane for vegoverbygning.

Grøft for greinleidningar/stikkleidningar:
Når det gjeld ansvar for stikkleidningar for vatn og avløp blir det vist til kommunen si forskrift for vatn og avløp.

Der skjering eller fylling går inn på private tomter, skal stikkleidningane leggjast min. 1,0 m forbi skjeringstopp eller fyllingsfot. I fjellterreng skal grøfta sprengast og større stein fjernast til 1,0 m forbi avslutning av stikkleidning.

Stikkleidningar for vatn skal trekkast i varerøyr fram til min. 1 m frå husvegg på privat grunn av omsyn til drift og vedlikehald.

Sperrevegg/sperresjikt:
Der grøfta er brattare enn 200 ‰, og elles der det er fare for større vassig, skal det etablerast sperrevegg av betong (25 cm tjukk) om lag kvar 20. meter, eller andre løysingar som kommunen godkjenner.

Boring av grøft:
Det kan vere aktuelt å bore grøft under veg, ved elvekryssing og i fjell. Boring av grøft skal avklarast med kommunen.

Drenering av grøft:
VA-grøfta skal drenerast til overvassleidningen med tilkopling i overvasskum.

5. Røyrleidningar og røyrdelar
Krav til røyr og røyrdelar for vassforsyning:
PVC-røyr skal vere min. PN 12,5 (tilsvarar PN 10 gamal nemning) og i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 10, "Kravspesifikasjon for rør og rørdeler av PVC-U materiale"

PE-røyr skal vere PE50 min. PN 10 og i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 11, "Kravspesifikasjon for rør av PE- materiale"

Duktile støypejarnsrøyr skal vere i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 16, "Kravspesifikasjon for duktile støpejernsrør".

Røyrdelar for vassforsyning:

  • I kummar skal det nyttast delar av duktilt støypejarn.
  • Røyrdelane skal vere i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 16, "Kravspesifikasjon for duktile støpejernsrør".
  • Alle røyrdelar i kummar skal ha inn- og utvendig varmpåført epoxybelegg min 250 my.
  • Det skal monterast spareflens i alle kummar.
  • I vasskummar skal det normalt nyttast ventilkryss/ventil T-røyr, evt. kan det nyttast flensekryss/flense T-røyr med glattløps sluseventilar. Ventilane skal vere høgre lukkande utan ratt med nøkkeltopp.
  • Det skal monterast lufteventil ved høgbrekk på vassleidningen og endepunkt i stigning. Lufteventilen skal vere heilautomatisk.
  • Det skal som hovudregel vere utspylingsmoglegheiter ved lågbrekk på vassleidningen.
  • Bruk av reduksjonsventilar skal avklarast med kommunen.

Krav til røyr for avløpsanlegg:
Spillvassleidningar skal vere av PVC-U SN8, raudbrun farge.

Overvassleidningar skal vere av betong eller PP-DV anleggsrøyr, lett type.

Pumpeleidningar skal vere av PE eller PVC-U, raud farge.

PVC grunnavløpsrøyr skal vere i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 10, "Kravspesifikasjon for rør og rørdeler av PVC-U materiale"

PE-røyr skal vere i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 11, "Kravspesifikasjon for rør av PE- materiale"

Betongrøyr (type MUVA/FAVA) skal vere i samsvar med VA/Miljø blad nr. 14, " Kravspesifikasjon for betong avløpsrør".

Krav til stikkleidningar:
Stikkleidning for vatn skal avsluttast med stengd stoppekran. Stikkleidning for vatn skal leggast frå eigen kum med kuleventil og i trekkerøyr til utstikk.

Stikkleidning for spillvatn og overvatn skal avsluttast med ters. PVC-røyr for spillvatn, PP-røyr for overvatn.

6. Røyrlegging
Plassering i grøfta:
Leidningar skal leggjast på same plan i grøfta. Der det er naudsynt kan likevel leidningane leggjast i fleire plan, t.d. ved fleire avgreiningar og kort avstand mellom kummar.

Vinkelendring og bøying av røyr:
Det er ikkje tillate med bøying av røyr.

Det skal alltid nyttast langbend. Det skal nyttast bend på 5 og 11 gr. i staden for bøying av røyr.

Tilknyting:
Alle stikkleidningar for vatn inklusive leidningar til brannhydrantar skal tilkoplast i kum og monterast med stengeventil.

Alle forgreiningar og stikkleidningar for spillvatn skal tilkoplast hovudstamma via stake/spylekum med minimum diameter på stigerøyr 400 mm. Sjå også pkt 3-2.7 om kummar.

Alle tilknytingar til overvassleidning skal vere i kum med tilkopling til stigerøyr. Røyrende skal vere kappa i 45º. Det skal nyttast røyrdelar ved endring av dimensjon eller retning.

Forankring:
Bend og anna armatur på leidningane må avstøttast.

Der det høver skal leidningen forankrast mot inn- eller utvendig kumvegg. Utanfor kum skal det støypast forankringsplater.

Dersom leidningen blir lagt med fall større enn 200 ‰ må det i tillegg til andre forankringar setjast i verk tiltak for å hindre forskuving av røyr eller fyllmassar i lengderetninga, t.d. med strekkfaste skøyter eller med heilsveisa røyr. Løysing skal avklarast med kommunen.

Grunne leidningar:
Der grunne leidningar er aktuelt, skal dei vere i samsvar med Byggdetaljblad A 515.004, del 1 og del 2 - "Prosjektering og utførelse av grunne ledninger".

7. Kummar
Det skal nyttast separate kummar for vatn, overvatn og spillvatn.

Det vert vist til VA/Miljø-blad nr. 1, "Kum med prefabrikkert bunn". Kummen kan utførast med prefabrikkert botnelement eller kumring med botn som vert plassert på singelfundament.

Kumstigar skal vere i aluminiumsutføring av typen Metallux eller tilsvarande.

Kumramme og lokk:
Montering av kumramme og kumlokk skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32 "Montering av kumramme og kumlokk".

Alle kummar skal ha kumlokk. Kumlokka skal vere tette og spetthol skal vere pinnesikre. Lette kumlokk skal vere sjølvlåsande.

Der kummane ligg i veg skal dei ha køyresterke lokk av støypejern i flytande ramme, og topp lokk skal flukte med ferdig asfaltert veg.

Vasskummar:
Alle vasskummar skal vere av typen PREVA eller tilsvarande med fast konsoll for innfesting av armaturar, kjernebora og med tilpassa pakningar for alle leidningsgjennomføringar.

Minimum diameter på vasskum er 1400 mm.

Kummane skal vere tette. Drenering til overvassleidning eller ut i terreng.

Det skal monterast stige i alle vasskummar.

Det skal kjerneborast for all holtaking i kumvegg. Det blir vist til VA/Miljø-blad nr. 9, " Rørgjennomføring i betongkum".

Avstand mellom kummane skal ikkje overstige 200 m.

Avløpskummar:
Ved høgde på stigerøyr over 2,0 m skal det monterast nedstigningskum med minste diameter 1200 m. Ved nedstigning djupare enn 1,0 m skal det monterast kumstige.

Til nedstigningskummar skal nyttast betongkummar med diameter 1200 mm med minikum. Oppforing med kumringar, kjegle og justeringsringar. I veg skal topp kjegle ligge 40 cm under ferdig vegbane.

Stake- og spylekummar skal vere av plast med min. diameter 400 mm på stigerøyr.

Maksimal avstand mellom kummar er ca. 50 m. Avstanden mellom kummane må sjåast i samanheng med stadlege tilhøve.

Nedstigingskum for spillvatn skal drenerast til overvasskum.

8. Utspyling og pluggkøyring
Tilrettelegging for pluggkøyring skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr.1, "Kum med prefabrikkert bunn" og nr. 4, "Rengjøring med myke renseplugger". Punkt for utspyling skal avklarast med kommunen.

9. Overvassdisponering
Overvatn skal normalt førast til næraste bekk/elv. Andre løysingar skal avklarast med kommunen.

10. Andre anlegg og installasjonar
Andre anlegg eller installasjonar som trykkaukeanlegg, reinseanlegg, overløp, vasshandsamingsanlegg, høgdebasseng o s v skal avklarast med kommunen.

Kap IV Utføring, kontroll og overtaking

§ 4-1 Generelt
I byggeperioden skal kommunen delta på byggemøte og kommunen vil samstundes kunne utføre stikkprøvekontrollar.

§ 4-2 Krav til entreprenør
Entreprenør skal tilfredsstille krava for godkjenning som utførande (UTF) og kontrollerande (KUT) i aktuelle tiltaksklassar etter forskrifter til plan- og bygningslova om føretak for ansvarsrett.

Minst ein person på kvart grøftelag ha ADK1-kurs eller tilsvarande utdanning.

§ 4-3 Materialleveranse og mottakskontroll
Utførande entreprenør skal stadfeste mottak av røyrleveranse skriftleg.

Røyr og delar som ikkje er godkjent eller riktig montert skal leggast om/skiftast ut. Skader på rustbeskyttelseslag skal reparerast i samsvar med beskrivelse frå leverandøren.

Når kommunen står som materialleverandør til anlegg skjer all utlevering frå kommunen sitt materiallager. Entreprenøren tek over ansvar for varene når dei er opplasta.

§ 4-4 Tettleiksprøving
Alle leidningar skal trykkprøvast i samsvar med norsk standard. Protokoll skal leggjast fram ved overtaking.

Tettleiksprøving av trykkleidningar skal utførast i samsvar med NS 3551 og VA/Miljø-blad nr. 25, "Tetthetsprøving av trykkledninger".

Tettleiksprøving av sjølvfallsleidningar skal utførast i samsvar med NS-EN 1610 og VA/Miljø- blad nr. 24, "Tetthetsprøving av selvfallsledninger".

Representant frå kommunen skal vere tilstades ved tettheitsprøving.

§ 4-5 Røyrinspeksjon
Alle nye spill- og overvassleidningar skal kontrollerast ved videokamera.

Inspeksjonen skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 51 "Rørinspeksjon med videokamera av avløpsledninger" av føretak som er godkjent av kommunen.

Resultatet av kontrollen skal dokumenterast ved videoopptak og føring av kontrollskjema.

§ 4-6 Reingjering og desinfeksjon
Reingjering/desinfeksjon skal vere i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 39, "Desinfeksjon av vannledningsnett og basseng".

§ 4-7 Innmåling
Ved overtaking skal det leggjast fram innmålingskart over leidningsnettet med XYZ-verdiar for topp vassleidning, innvendig botn på spillvatn/overvatn, senter kumlokk og alle knekkpunkt på leidningstraseen utanfor kummar.

§ 4-8 Overtaking og reklamasjonstid
Prosedyre for overtaking og reklamasjonstid skal vere i samsvar med NS 8450.

Kap V Iverksetting m m

§ 5-1 Iverksettingstidspunkt
Desse retningslinjene gjeld frå vedtaksdato (25. september 2006). Frå same dato blir "Reglar for omklassifisering av privat veg til kommunal veg", vedtekne av kommunestyret den 19. oktober 1992 oppheva.