Brøyting - standardar i Gloppen

Kommunen har ca. 125 km veg som skal brøytast.

Brøytinga blir i hovudsak utført av private. I Sandane sentrum brøyter tilsette i teknisk sektor i kommunen.

Følgjande rammer er sett for brøyting:
- Brøyting skal gjennomførast slik at maksimal snødjupn ikkje overstig 5 cm våt snø eller 10 cm tørr snø
- Snø framføre trafikkskilt og snø som hindrar sikten, skal vere rydda innan 1 døgn etter at snøen kom.

Kontaktperson:
- Avd. leiar Per Ove Fossheim, tlf 975 70 583
- Vakttelefon (utanom ordinær arbeidstid): 913 85 222.